Eurovision Song Contest 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1986
Offisiell tittel
31. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 3. mai 1986
Vertskap
Stad
Grieghallen i Bergen i Noreg
Programleiar(ar)
Åse Kleveland
Dirigent
Egil Monn-Iversen
Kringkastar(ar)
Norsk rikskringkasting (NRK)
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Welcome to Music» av Åse Kleveland
Pausenummer
Finalen «Sang til Bergen» samt andre bergenske songar av Sissel Kyrkjebø og Steinar Ofsdal
Bidrag
Antal bidrag
20
Debuterte
Island
Attende
Jugoslavia
Nederland
Ikkje med
Hellas
Italia
Kart
ESC 1986 Map.svg
██ Land som deltok
██ Land som ikkje deltok
Røysting
Vinnar
Belgia med «J'aime la vie» av Sandra Kim
Eurovision Song Contest
Göteborg 1985 Brussel 1987
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1986 var den 31. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 3. mai 1986 i Grieghallen i Bergen. Dette var fyrste gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg – takka vere sigeren til Bobbysocks, med «La det swinge», året før. Åse Kleveland var programleiar, og Egil Monn-Iversen var musikalsk leiar for Kringkastingsorkestret. Dette blei også det store gjennombrotet til Sissel Kyrkjebø som artist, då ho opptredde i pausen med «Nystemten».

Til saman deltok 20 land. Island debuterte i konkurransen, mens Nederland og Jugoslavia var tilbake etter fråværet i 1985. Samstundes trekte Hellas og Italia seg.

Førehandsfavoritten Belgia vann en klår siger med 13-årige Sandra Kim og songen «J'aime la vie». Dette var den første og hittil einaste sigeren til Belgia i Eurovision Song Contest. Kim er også den yngste som nokon gong har vunne konkurransen. Med den nedre aldersgrensa på 16 år som blei innført i 1990, kan ikkje denne aldersrekorden bli slegen. Fransk dominerte sigerspallen, for også andreplassen Sveits og tredjeplassen Luxembourg hadde franskspråklege bidrag. Irland blei nummer fire, mens Sverige tok femteplassen. Ketil Stokkan representerte Noreg på heimebane med «Romeo». Med seg på scena hadde han Jonny Nymoen og Olav Klingen frå Great Garlic Girls, og dette var fyrste gongen dragartistar deltok i Eurovision Song Contest. Det norske bidraget fekk 44 poeng og blei nummer 12 av 20 bidrag.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Grieghallen i Bergen.

Bergen blir vertsby[endre | endre wikiteksten]

Bobbysocks vann Eurovision Song Contest i 1985 med «La det swinge», følgde nærmast ein nasjonal folkefest i Noreg. Dette var den første seier til Noreg i konkurransen, og dimed fekk Noreg også arrangere konkurransen for fyrste gang året etter. Men midt i sigersrusen oppstod det også raskt ein lokaliseringsdebatt om kor finalen i 1986 skulle haldast. Fleire byar kom raskt på banen, blant andre Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Etter lange sonderingar falt valet på Bergen og Grieghallen, og vedtaket blei offentleggjort av kringkastningssjef Bjartmar Gjerde direkte på Dagsrevyen sommaren 1985.[1] Arenaen Grieghallen ligg sentralt i Bergen og stod ferdig i mai 1978. Hovudkonsertsalen til Grieghallen, Griegsalen, har 1610 sitjeplassar.[2] Dette var langt lågare enn året før, då rundt 7500 publikummarar var på plass i Scandinavium.[3] Stavanger Forum hadde vore den hardaste konkurrenten til Grieghallen, og NRK la den norske finalen i 1986 til Stavanger som eit slags plaster på såret.

Island debuterer[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei lagd til laurdag 3. mai, og 20 land stilte til start – ein tangering av rekorden frå 1978, 1981 og 1983. Island debuterte i Eurovision Song Contest, etter å ha fått på plass en fast satellittforbindelse med resten av Europa. Island hadde riktignok sendt konkurransen i opptak sidan 1970, og direkte frå og med 1983.[4] Men den islandske kringkastaren RÚV hadde heldt tilbake ei deltaking i frykt for å måtte ta på seg kostnadane ved ein eventuell sigerr.[5] Men i 1986 var teknikken og økonomien god nok til at sagaøya kunne stille i Eurovision Song Contest for fyrste gang. Dimed deltok heile Norden for fyrste gong i konkurransen.

Nederland og Jugoslavia var tilbake etter fråværet året før, mens Italia trekte seg av ukjende grunner. Hellas var opphavleg blant deltakarane, men trekte seg kort tid før finalen – etter som det vert sagt var på grunn av at finalen kolliderte med den gresk-ortodokse påska.[6][7] Hellas hadde til og med arrangert ein nasjonal finale, som Polína og låten «Vangón-li» (gresk transkripsjon av det franske ordet for sovevogn, wagon-lit) hadde vunne. Songen skulle ha vore nummer 18 ut i finalen i Bergen. Dimed sank deltakartalet frå 21 til 20.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Åse Kleveland leia sendinga frå Grieghallen.
Foto: Tore Sætre

Finalen var den største tv-produksjonen til NRK til då, og showet blei en stor moglegheit for kringkastaren og Noreg å vise seg fram for eit større internasjonalt publikum. I innleiinga til showet, og i postkort-filmane før kvart bidrag, viste NRK bilete av Bergen og vakker, norsk natur.[8] «Det skulle se litt storslått ut, litt nært og menneskelig, og da har du en sending som går inn hos publikum, stort sett», sa showets produsent John Andreassen i eit intervju med NRK i 2015.[1]

Sendinga starta med ein kortfilm av norsk natur, nordlys, fjordar, sjø og hav. Underveis i filmen blei det vist akvarellar av norsk natur, ført i penselen av målaren Kåre Tveter. Mot slutten av filmen kom Bergen by til syne, filmet frå Ulriken. Deretter dukka Grieghallen opp, som «opna» seg og tok sjåarane med inn i Griegsalen og dens 1600 tilskodarar. I salen sat blant andre kronprinsfamilien: dåverande kronprins Harald, kronprinsesse Sonja, prinsesse Märtha Louise og prins Haakon Magnus.

Scenedekoren etterlikna norsk vintermiljø, med store gjennomsiktige «iskrystallar» som kunne dreies, flyttes og lyssettes – alt etter behov. Scenedekoren var laga av scenograf Per Fjeld, og lyssettinga blei utført av lysmester Asbjørn W. Hagen. Til venstre på scena sat Kringkastingsorkestret, med rundt 60 musikarar kledde i kvitt. Orkesteret var under leiing av Egil Monn-Iversen, i tillegg hadde dei fleste deltakarlanda eigne dirigentar som leia orkesteret under sitt respektive bidrag. Midt på scena var det en stor trapp opp til bakrommet og green room-et til artistane.

Kjolespekulasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ned den store trappa kom programleiar Åse Kleveland gåande i ein fotsid kjole i «sølvskimrende silke, overbrodert med perler, stener og paljetter, med syrinfarget skjørt under», ifølgje kommentator Knut Bjørnsen.[9] På førehand hadde pressa spekulert intenst på kva slags kjole Kleveland skulle ha på seg under sendinga. Kjolespekulasjonane var så omfattande at Kleveland sjølv blei overraska. I eit intervju med NRK i 2007 sa ho: «Hysteriet omkring hva jeg skulle ha på meg, var ikke til å tro. Det var dager da jeg trodde det skulle kom opp ukebladjournalister av undertøysskuffen min».[9]

Kleveland opna showet med å ønskje velkommen på ei rekkje språk, før ho sang musikkstykket «Welcome to Europe», komponert for anledningen av Egil Monn-Iversen. På slutten av stykket hadde Monn-Iversen komponert inn eurovisjons-fanfaren «Te Deum» og element frå «I Dovregubbens hall». I teksten song blant anna Kleveland «Soon we will know who'll be the best – in the Eurovision Song Contest» (norsk: snart får vi vite kven som blir den beste – i Eurovision Song Contest).[10]

Deretter heldt Kleveland ein introduksjon på engelsk og fransk, der ho uttrykte stor glede over at Noreg omsider hadde æra av å arrangere finalen. Blant anna sa Kleveland at vegen til Noreg i Eurovision Song Contest har «vært ganske tornefull, faktisk. Så du kan se for deg hvor glade vi ble da vi omsider vant i fjor». Heile sendinga frå Grieghallen varte i 2 timar og 43 minutt og hadde eit potensielt publikum på 700 millionar sjåarar i 33 land.[8]

Startrekkefølgja var avgjort ved loddtrekking hausten før. Luxembourg opna sendinga som det 500. bidraget i historia til Eurovision Song Contest[4], mens Portugal avslutta sendinga. Noreg fekk startnummer fire. Kvart land blei introduserte av ein kort postkort-film med bilete frå ulike stader i Noreg, og deretter med bilete av landets deltakar. Postkort-filmen blei avslutta med eit postkort der det stod «Helsingar frå Noreg» på språket til deltakarlandet.

Det norske bidraget[endre | endre wikiteksten]

Ketil Stokkan og Great Garlic Girls framfører «Romeo» under den norske finalen.
Foto: Bo Mathisen, Riksarkivet

Den norske finalen var den største til då og blei for fyrste gong arrangert utanfor Oslo. Finalen blei lagd til Stavanger Forum, og finalen blei arrangert laurdag 22. mars med Jarl Goli som programleiar. I konkurranse med ni andre låtar, vann Ketil Stokkan med sin eigenkomponerte song, «Romeo». Songen fekk ingen stor kommersiell suksess i Noreg, men låg fire veker på den norske singellisten med femteplass som beste notering.[11] Albumet Romeo selde berre 7500 eksemplar, og plateselskapet Slagerfabrikken tapte rundt 750 000 kroner på lanseringa. Selskapets Audun Tylden innrømmet seinare at dei hadde forrekna seg: «Vi trodde vi skulle få mer igjen efter alle pengene og all innsatsen vi la ned i Bergen. Det har aldri skjedd at en norsk Grand Prix-artist har solgt så dårlig.» hevdet Tylden.[12]

I Eurovision Song Contest dirigerte Egil Monn-Iversen det norske bidraget. Saman med artist Ketil Stokkan var koristane Kari Gjærum, Sigvart Dagsland og Frank Ådahl på scena. I tillegg deltok Jonny Nymoen og Olav Klingen frå Great Garlic Girls. Dei var utkledde som Romeo og Julie i pantomime-stil og utførte eit dansenummer kreert av koreografen Simen Sand. Dette var fyrste gongen dragartistar deltok i Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest.

Trass i den originale og livlege framføringa fekk det norske bidraget berre 44 poeng og ein tolvteplass. Stokkan representerte Noreg på nytt i Eurovision Song Contest 1990 med «Brandeburger Tor», mens to artistar frå Great Garlic Girls deltok i Melodi Grand Prix 2006 under namnet Queentastic.

Knut Bjørnsen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK P1 og P2. Sendinga blei send i stereo på radio. Den norske juryen sat i Oslo, og journalist Nina Matheson las opp dei norske poenga under avrøystinga.

Sissel Kyrkjebø fekk sitt store gjennombrot då ho opptredde i pausa i Eurovision Song Contest.
Foto: Bo Mathisen, Riksarkivet

Pausenummeret[endre | endre wikiteksten]

Før avrøystinga viste NRK ein film som var filma i Bergen og omegn veka før finalen. I filmen dukka songaren Sissel Kyrkjebø og fløytist Steinar Ofsdal opp og framførte ulike songar med tilknytning til Bergen. Egil Monn-Iversen stod for arrangementet. På slutten av pausenummeret blei sjåarane tatt tilbake til Grieghallen, der ein bunadskledd Sissel Kyrkjebø (då knapt 17 år gammal) gjekk på scena og song «Udsigter fra Ulrikken» – også kjend som «Bergensiana» og «Nystemten» – akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Eit patriotisk bergenspublikum reiste seg og stod under heile framføringa, noko som kom overraskande på produksjonsteamet i NRK og tilreisande.[13][14][15] For Sissel Kyrkjebø blei framsyninga i Eurovision Song Contest hennar store, karrieremessige gjennombrot.[16][17]

Avrøystinga[endre | endre wikiteksten]

Før avrøystinga starta kom programleiar Åse Kleveland med eit hint om telefonavrøysting som framtidig metode for å kåre vinnaren. «Eg ville gladeleg ha invitert dykk alle til å delta i avrøystinga, men så langt har ikkje den teknologiske utviklinga kommen endå», sa programleiar Kleveland til sjåarane.[18] Fyrst elleve år seinare gjorde EBU eit forsøk med telefonavrøysting, og i 1998 blei telefonavrøysting tatt i bruk i full skala for å kåre vinnaren av Eurovision Song Contest.

I staden blei vinnaren kåra med nasjonale jurygrupper. Kvart deltakerland hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som bedømte dei andre landa sine songar med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale juryen. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. 

Det fyrste landet til å røyste, var Luxembourg. 20 år tidlegare hadde programleiar Åse Kleveland deltatt i konkurransen i nettopp Luxembourg. Der enda ho på ein tredjeplass med «Intet er nytt under solen» av Arne Bendiksen – noko også Frank Naef påpeikte like før han sette i gong avrøystinga. Fram til 1996 var tredjeplassen til Kleveland den beste plasseringa til Noreg, sett bort frå sigrane i 1985 og 1995.

Avrøystinga blei raskt ein parademarsj for førehandsfavoritten Sandra Kim frå Belgia. Alle landa i fyrste halvdel av avrøystinga hadde Belgia i sin topp tre, og Belgia tok ei klår leiing med Sveits på andreplass. Den norske jurygruppa hadde Luxembourg på topp, Danmark som nummer to og vinnarlandet Belgia på tredjeplass.[19] Til slutt vann Belgia med 176 poeng – heile 36 poeng foran Sveits på andreplass. Fyrst i 1993 blei poengrekorden til Belgia slått, då irske Niamh Kavanagh fekk 187 poeng for «In Your Eyes».

Reaksjonar på showet[endre | endre wikiteksten]

Showet frå Bergen blei teknisk sett avvikla prikkfritt og utan nokon større problem. Sendinga fekk også ros og godord frå ei rekkje hald, blant anna frå tv-folk i Noreg og utlandet. Samanlikna med finalen i Göteborg året før, blei produksjonen til NRK likevel ei heller dempa og roleg sending. Ballade.no kalte sendinga «en relativt trist finale midt i den plastikkpregede jappetiden».[17] Turistsjef i Bergen, Ola Hiis Berg, meinte det blei «for mye is og kulde» i filmane under sendinga. Berg meinte også at scenekulissane også «understreket myten om et kjølig nord – en myte vi ønsket å ta livet av ved å vise en mykere og varmere side av Norge enn snøkledte vidder og fjell.»[20]

Trass i dei blanda tilbakemeldingane frå presse og meldarar, samla finalen frå Bergen dei fleste norske sjåarar. Eurovision Song Contest blei det mest sette programmet på norsk fjernsyn i 1986, og 89 prosent av nordmenn over 15 år så finalen, ifølgje ei ScanFact-undersøking utført blant 200 nordmenn. Undersøkinga blei gjort på oppdrag for avisa VG.[21]

Sjefregissør for Eurovision Song Contest 1986 var John Andreassen, som tidlegare hadde stått bak ei rekkje store norske underholdningsprogram sidan 1960-åra. Prosjektleiar var Per Selstrøm, mens Harald Tusberg var ansvarleg produsent. Sjefdirigent og musikalsk ansvarleg var Egil Monn-Iversen. Terje Fjærn var assisterande musikalsk ansvarleg, mens Pete Knutsen var musikkprodusent.[22]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[23] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnene til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Luxembourg Sherisse Stevens «L'amour de ma vie» Fransk 3 117
02 Jugoslavia Doris Dragović «Željo moja» (Жељо моја) Serbokroatisk 11 49
03 Frankrike Cocktail Chic «Européennes» Fransk 17 13
04 Noreg Ketil Stokkan «Romeo» Norsk 12 44
05 Storbritannia Ryder «Runner in the Night» Engelsk 7 72
06 Island ICY «Gleðibankinn» Islandsk 16 19
07 Nederland Frizzle Sizzle «Alles heeft ritme» Nederlandsk 13 40
08 Tyrkia Klips ve Onlar «Halley» Tyrkisk 9 53
09 Spania Cadillac «Valentino» Spansk 10 51
10 Sveits Daniela Simons «Pas pour moi» Fransk 2 140
11 Israel Moti Giladi og Sarai Tzuriel "Yavo Yom" (יבוא יום) Hebraisk 19 7
12 Irland Luv Bug «You Can Count On Me» Engelsk 4 96
13 Belgia Sandra Kim J'aime la vie]]» Fransk 1 176
14 Tyskland Ingrid Peters «Über die Brücke geh'n» Tysk 8 62
15 Kypros Elpida «Tóra zo» (Τώρα ζω) Gresk 20 4
16 Austerrike Timna Brauer «Die Zeit ist einsam» Tysk 18 12
17 Sverige Lasse Holm og Monica Törnell «E' de' det här du kallar kärlek» Svensk 5 78
18 Danmark Lise Haavik «Du er fuld af løgn» Dansk 6 77
19 Finland Kari Kuivalainen «Never the End»[a] Finsk 15 22
20 Portugal Dora «Não sejas mau para mim» Portugisisk 14 28

Artistar som hadde deltatt tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Deltok i Merknader
Elpida Kypros 1979 Representerte Hellas

Poengtavle[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[24]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Luxembourg 5 8 12 8 1 8 2 4 7 10 12 8 10 10 2 4 6 117 3
Jugoslavia 2 7 5 7 3 3 1 3 4 12 1 1 49 11
Frankrike 3 7 3 13 17
Noreg 4 4 2 6 6 5 6 6 5 44 12
Storbritannia 4 10 6 6 2 4 2 5 2 3 8 8 10 2 72 7
Island 5 2 6 4 2 19 16
Nederland 1 2 7 1 8 10 1 3 7 40 13
Tyrkia 6 12 2 6 8 3 6 8 2 53 9
Spania 7 4 6 1 2 8 1 5 3 7 3 1 3 51 10
Sveits 12 6 7 5 5 3 12 10 4 12 10 12 5 4 12 4 7 10 140 2
Israel 1 1 5 7 19
Irland 3 8 3 2 8 5 12 6 2 12 7 12 8 8 96 4
Belgia 10 10 12 8 10 10 10 12 10 10 5 12 1 10 6 6 10 12 12 176 1
Tyskland 8 1 12 8 7 8 5 7 2 4 62 8
Kypros 3 1 4 20
Austerrike 2 1 2 6 1 12 18
Sverige 5 7 2 7 3 12 3 7 12 4 5 6 5 78 5
Danmark 5 10 6 7 4 5 3 10 4 7 7 4 5 77 6
Finland 6 1 1 8 3 3 22 15
Portugal 4 4 4 8 7 1 28 14

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ein oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
5 Belgia Finland, Frankrike, Irland, Portugal, Tyrkia
Sveits Belgia, Israel, Luxembourg, Nederland, Sverige
3 Irland Austerrike, Danmark, Spania
2 Luxembourg Noreg, Tyskland
Sverige Island, Sveits
1 Jugoslavia Kypros
Tyrkia Jugoslavia
Tyskland Storbritannia

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Folkefest i Bergen[endre | endre wikiteksten]

I forkant av finalen arrangerte vertsbyen Bergen ei rekkje større og mindre fester for å markere Eurovision Song Contest.[25] Blant anna arrangerte Bergen fjordturar med skuleskipa «Statsraad Lehmkuhl» og SS «Christian Radich». Byen laga også eit skihopp i bakken opp til Johanneskyrkja, midt i Bergen sentrum. Rennet blei omtala som «verdas største i en bygate», og Roger Ruud vann med eit hopp på vel 21 meter. Snøen til skihoppet var frakta med tog frå Finse.[26][27]

På Fisketorget blei det laga eit langt laksebord med 10 600 kanapear, og etter finalen 3. mai blei det tent vardardei sju fjella i byen. Arrangementet blei deretter avslutta med eit fyrverkeri. Også i Oslo var det fleire markeringar i høve Eurovision Song Contest.[26]

Strid om alderen på vinnaren[endre | endre wikiteksten]

Sandra Kim var berre 13 år då ho vann.

Størst merksemd fekk naturleg nok vinnaren Sandra Kim. Ho var den store favoritten i forkant av konkurransen og blei følgd tett av norsk og utanlandsk presse. Under ein pressetur med Fløibanen, måtte vogna stoppe ved det nest siste stoppet før Fløien stasjon på grunn eit tryggleiksproblem. Vogna skled eit par meter bakover, før passasjerane måtte klatre ut. Norsk presse mora seg også over at Sandra Kim berre ønskte seg iskrem dersom ho skulle vinne.

Sandra Kim vann også, og hadde før sigeren fortald presse og produsentar at ho var 14 år. Men etter sigeren blei det kjend at ho berre var 13 år. Det var inga aldersavgrensing på denne tida, men Sveits, som blei nummer to, kravde at Belgia skulle bli diskvalifisert. Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tok ikkje protesten til følgje.[28] Dette var andre gongen Sveits protesterte mot vinnaren. Fyrste gongen var i 1963, då Danmark vann like føre Sveits etter at den norske juryen endra på poenga sine. Heller ikkje då blei den sveitsiske protesten tatt til følgje.

Frå og med 1990 innførte EBU 16-års aldersgrense for å delta, og dimed vil Sandra Kim forbli den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidane.[29][30]

Åtaket mot kronprinsesse Sonja[endre | endre wikiteksten]

Den mest dramatiske hendinga skjedde like før starten av finalen, då kronprinsfamilien kom til Grieghallen. Då dei kongelege var på veg opp den raude løparen, klarte ei sinnsforvirra, lokal kvinne å ta seg forbi sperringane og kaste ei illeluktande væske over kronprinsesse Sonja.[31] Kvinna blei raskt pågripen og ført bort frå området. Det viste seg også at væska ikkje var farleg, men ei blanding av vatn, olje og pepra. Kronprinsessa fortsette inn i Grieghallen og blei vaska og stelt av sminkørar og kostymepersonellet til NRK.[32] Hendinga fekk ingen konsekvensar for sendinga, og kronprinsfamilien sat som planlagt i salen gjennom heile finalen.

Politiet i Bergen stadfesta kort tid etter at den åtakande kvinna hadde handla på eiga hand, utan noko form for politiske eller religiøse motiv. Ho blei seinare framstilt for ein psykiater.[33]

Bombetrugselen mot finalen[endre | endre wikiteksten]

I fleire år etter Eurovision Song Contest heldt leiinga i politiet og Grieghallen skjult for ålmenta at det blei ringt inn ein bombetrugsel under sendinga.[13] Innringjaren hevda at det var plassert ei bombe i Griegsalen, og at bomba ville detonere under sendinga.[32] Med kronprinsfamilien i salen og åtaket mot kronprinsesse Sonja like før, var beredskapen ekstra skjerpa. Ei stund vurderte politiet om sendinga skulle brytast av, og evakuere salen. Men før sendinga hadde politiet gått grundig gjennom salen og scena med bombehundar, og trugselen blei difor raskt vurdert som falsk. Den dåverande politimeistaren i Bergen, Oskar Hordnes, vedtok at sendinga skulle fortsette, og showet blei halden utan problem.

Dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Mens Egil Monn-Iversen var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølga.[34]

  1. Luxembourg – Rolf Soja
  2. Jugoslavia – Nikica Kalogjera
  3. Frankrike – Jean-Claude Petit
  4. Noreg – Egil Monn-Iversen
  5. Storbritannia – Ingen dirigent
  6. Island – Gunnar Þórdarsson
  7. Nederland – Harry van Hoof
  8. Tyrkia – Melih Kibar
  9. Spania – Eduardo Leiva
  10. Sveits – Atilla Şereftuğ
  11. Israel – Yoram Zadok
  12. Irland – Noel Kelehan
  13. Belgia – Jo Carlier
  14. Tyskland – Hans Blum
  15. Kypros – Martyn Ford
  16. Austerrike – Richard Österreicher
  17. Sverige – Anders Berglund[35]
  18. Danmark – Egil Monn-Iversen
  19. Finland – Ossi Runne
  20. Portugal – Colin Frechter


Kommentatorar og poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte sitt lands poeng på engelsk eller fransk over telefon.[36] Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga:

  1. Luxembourg – Frédérique Ries
  2. Jugoslavia – Enver Petrovci[37]
  3. Frankrike – Patricia Lesieur
  4. Noreg – Nina Matheson
  5. Storbritannia – Colin Berry[38]
  6. Island – Guðrún Skúladóttir[39]
  7. Nederland – Joop van Zijl
  8. Tyrkia – Ümit Tunçağ
  9. Spania – Matilde Jarrín
  10. Sveits – Michel Stocker[40]
  11. Israel – Yitzhak Shim'oni[41]
  12. Irland – John Skehan
  13. Belgia – Jacques Olivier
  14. Tyskland – Christoph Deumling
  15. Kypros – Anna Partelidou
  16. Austerrike – Tilia Herold
  17. Sverige – Agneta Bolme Börjefors[35]
  18. Danmark – Bent Henius
  19. Finland – Solveig Herlin[42]
  20. Portugal – Margarida Andrade


Kommentatorar og sendingar[endre | endre wikiteksten]

33 land sende finalen, og dei fleste hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1986:[43]

Land Kringkastar Kanal Kommentator
Austerrike ORF FS1[44] Ernst Grissemann[45][46][47]
Belgia BRTN BRT TV1[48] Nederlandsk: Luc Appermont[49][50][51]
RTBF RTBF1[52] Fransk: Patrick Duhamel[50][53]
Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius[54]
Finland Yle Yle TV1, Yle TV2 Heikki Harma og Kari Lumikero[55][56]
Frankrike France Télévision Antenne 2 Patrice Laffont[57]
Irland RTÉ RTÉ 1 Brendan Balfe[58]
RTÉ Radio 1 Larry Gogan[59][60]
Island RÚV Sjónvarpið Þorgeir Ástvaldsson[61]
Rás 1
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator[62]
Reshet Gimel Yigal Ravid[62]
Jugoslavia JRT TVB1 Serbisk: Mladen Popović[63]
TV Koper-Capodistria Italiensk: Ukjend[64]
Radiotelevizija Slovenija|TVLJ1]] Slovensk: Miša Molk[65]
TVSa 1 Bosnisk: Ukjend
TVZ 1 Kroatisk: Ksenija Urličić[66]
Kypros RIK RIK TV Neophytos Taliotis[67][68]
Luxembourg CLT RTL Télévision[69] Fransk: Valérie Sarn[53]
RTL plus Tysk: Ukjend[50][51]
Nederland NOS Nederland 1[70] Leo van der Goot[50]
Noreg NRK NRK Fjernsynet Knut Bjørnsen[71][72]
NRK P1
NRK P2
Portugal RTP RTP1 Fialho Gouveia[73][74]
Spania TVE TVE 2 Antonio Gómez Rufo[75][76][77]
Storbritannia BBC BBC1 Terry Wogan[78]
BBC Radio 2 Ray Moore[79]
Sveits SRG SSR DRS Tysk: Bernard Thurnheer[80]
TSR Fransk: Serge Moisson[57]
TSI Italiensk: Ezio Guidi[81]
Sverige SVT TV1 Ulf Elfving[35]
SR SR P3 Jacob Dahlin[35]
Tyrkia TRT TRT Televizyon Gülgün Baysal[82][83]
Tyskland ARD Erstes Deutsches Fernsehen Ado Schlier[84]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
Australia SBS SBS TV Brukte BBC-kommentaren til Terry Wogan. Vist i opptak dagen etter[85]
Hellas ERT ERT1 Mako Jeorjádou[86][87]
Polen TP TP1 Ukjend, vist i opptak 24. mai[88]
Russland CT USSR Program 1 Ukjend, vist i opptak 30. mai[89]
Tsjekkoslovakia ČST ČST2 Ukjend, vist i opptak 2. juni[90]
Ungarn MTV MTV1 Ukjend[91]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det finske bidraget hadde engelsk tittel, men teksten var på finsk. Den originale finske tittelen var «Päivä kahden ihmisen» (norsk omsetjing: dagen for to personar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Underholdningsmaskinen, episode 6 (tidskode 11:00)». NRK TV (på norsk). 16. desember 2015. Henta 14. oktober 2017. 
  2. «Konsertlokaler - Konsertlokaler - Konsertlokaler - Grieghallen». www.grieghallen.no. Arkivert frå originalen 6. august 2017. Henta 5. august 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 1985 – full show». SVT/EBU via YouTube. 4. mai 1985. Henta 3. september 2022. 
  4. 4,0 4,1 «Eurovision Song Contest 1986». eurovision.tv. Henta 3. september 2022. 
  5. «Eurovision Song Contest 1986: Kommentator Knut Bjørnsen under Islands postkort». NRK. 3. mai 1986. Henta 14. oktober 2017. 
  6. «The Ones That Got Away». NUL POINTS!. Henta 28. november 2016. 
  7. Pinnock, Tom (2. mai 1986). «Greek Orthodox Church To Celebrate Easter Sunday». Orlando Sentinel. Arkivert frå originalen 14. oktober 2017. Henta 3. september 2022. 
  8. 8,0 8,1 NRK TV (3. mai 1986). «Eurovision Song Contest 1986». NRK/EBU. Henta 3. september 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Tilbake til 80-tallet: 1986». Norsk rikskringkasting. 11. januar 2007. Henta 14. oktober 2017. 
  10. «Musikalsk mellomspill med Egil Monn-Iversen». NRK TV (på norsk). 1. mai 1992. Henta 14. oktober 2017. 
  11. «Norges offisielle singelliste for 'Romeo'». IFPI Norge. Henta 3. september 2022. 
  12. Marcussen og Ekern, Tor og Yngve (28. februar 1987). «Grand Prix: Ingen garanti for kometkarriere». Aftenposten. s. 25. 
  13. 13,0 13,1 Lura, Christian (3. mai 2016). «Melodi Grand Prix i Bergen mottok bombetrussel». NRK (på norsk). Henta 14. oktober 2017. 
  14. Svendsen, Roy Hilmar (11. april 2008). «Hva vil du se?». NRK (på norsk bokmål). Henta 14. januar 2023. 
  15. Augested, Kate (1994). «'Å, Sissel, Sissel, når eg ser deg slik'». Norsk medietidsskrift (på norsk) 1: 8–25. ISSN 0805-9535. doi:10.18261/ISSN0805-9535-1994-02-02. Henta 8. desember 2021. 
  16. «– Ville ikke bli stjerne». seher.no (på norsk). 18. september 2010. Henta 14. oktober 2017. 
  17. 17,0 17,1 «Kyrkjebø, Sissel». Ballade.no. 6. august 2006. Henta 14. oktober 2017. 
  18. «Eurovision Song Contest 1986: Åse Kleveland under introduksjonen til pausenummeret». Norsk rikskringkasting. 3. mai 1986. Henta 14. oktober 2017. 
  19. «Eurovision Song Contest Bergen 1986: Norges poeng». eurovision.tv. 1986. Arkivert frå originalen 7. oktober 2018. Henta 3. september 2022. 
  20. Lie, Wibecke (4. mai 1986). «Mye ros og lite ris til arrangørene av melodifestivalen». ntb.no. 
  21. «Cosby og Knut – danker dem ut». Verdens Gang. 30. desember 1986. s. 36–37. 
  22. «Eurovision Song Contest 1986: rulletekst». Norsk rikskringkasting. 3. mai 1986. Henta 15. oktober 2017. 
  23. «Final of Bergen 1986 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 17. september 2022. 
  24. «Eurovision Song Contest 1986 – Scoreboard (land for land)». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 8. august 2017. Henta 3. september 2022. 
  25. Colliander, Arne; Palmér, Stine Helene; Anne-Grethe, Dahl (3. mai 2011). «Da hele byen sto på hodet». Bergens Tidende. 
  26. 26,0 26,1 Wibecke Lie (17. mai 2010). «Sandra og Sissel stjal showet i 1986». Bergensavisen (på norsk). NTB. Henta 14. oktober 2017. 
  27. «ESC 1986 – Bergen 3. mai». NRK TV (på norsk). 17. mai 1986. Henta 14. oktober 2017. 
  28. «Eurovision Song Contest 1986». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 12. september 2016. 
  29. «Eurovision Song Contest Lausanne 1989». eurovision.tv. 2017. Henta 11. august 2017. 
  30. «Grand Final: 1989, 1989, Eurovision Song Contest». BBC. Henta 11. august 2017. 
  31. SIDE 2, CAMILLA FLAATTEN (11. mars 2012). «Dronningens kjole skapte dramatikk». Bergensavisen (på norsk). Henta 2. september 2022. 
  32. 32,0 32,1 Grieghallen. «Melodi Grand Prix». Griegallen. Arkivert frå originalen 22. desember 2005. Henta 15. oktober 2017. 
  33. «Dramatisk finale for Sonja». www.siste.no (på norsk). Avisenes nyhetsbyrå (ANB). 17. mai 2010. Arkivert frå originalen 14. oktober 2017. Henta 14. oktober 2017. 
  34. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 214–215. ISBN 91-89136-29-2. 
  36. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  37. «Sumnja od Jugolasvenskog glasanja». Evropesma.org. Arkivert frå originalen 8. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. april 2012. Henta 10. august 2017. 
  38. Roxburgh, Gordon (2020). Songs For Europe – The United Kingdom at the Eurovision Song Contest, Volume Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 65–76. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  39. Háskólabókasafn, Landsbókasafn Íslands-. «Tímarit.is». timarit.is (på islandsk). Henta 3. september 2022. 
  40. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  41. «פורום אירוויזיון». Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2017. 
  42. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  43. «Eurovision Song Contest 1986 – full cast». imdb.com. Henta 10. august 2017. 
  44. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  45. «Grissemann». scheibmaier.at. Arkivert frå originalen 20. januar 2012. Henta 10. august 2017. 
  46. Mutavdzic, Sascha (OGAE Austria)
  47. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023. 
  48. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  49. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  50. 50,0 50,1 50,2 50,3 «Zaterdag – Televisie / Radio». Algemeen Dagblad (på nederlandsk). Delpher. 3. mai 1986. s. 6. Henta 15. januar 2023. 
  51. 51,0 51,1 «T.V. Programma's». De Voorpost (på nederlandsk). Digitaal krantenarchief - Stadsarchief Aalst. 2. mai 1986. s. 15. Henta 15. januar 2023. 
  52. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  53. 53,0 53,1 «1986 - Bergen». songcontest.free.fr. Henta 3. september 2022. 
  54. «Programoversigt – 03/05/1986». www.larm.fm. LARM. Henta 15. januar 2023. 
  55. «Radio · Televisio». nakoislehti.hs.fi. Helsingin Sanomat. 3. mai 1986. s. 50–51. Henta 15. januar 2023. (krev abonnement (help)). 
  56. «Eurovision 1986 Finland: Kari Kuivalainen - "Päivä Kahden Ihmisen"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 15. januar 2023. 
  57. 57,0 57,1 «TV – Samedi 3 mai». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 1. mai 1986. s. 20–21. Henta 15. januar 2023. 
  58. «Television Saturday». The Irish Times Weekend. 3. mai 1986. s. 7. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  59. Ken Sweeney (18. april 2012). «Larry Gogan loses his Eurovision ticket». independent (på engelsk). Henta 3. desember 2022. 
  60. «Radio – Saturday». The Irish Times Weekend. 5. mars 1986. s. 7. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  61. «Útvarp/Sjónvarp». Tíminn (på islandsk). Tímarit.is. 3. mai 1986. Henta 15. januar 2023. 
  62. 62,0 62,1 «Mishdari ha'televizia ve ha'radio – Yom shabat 3.5.86». ⁨(Maʻariv⁩) מעריב (på engelsk). The National Library of Israel. 2. mai 1986. s. 101. Henta 15. januar 2023. 
  63. «Jugoszláv televízió – szombat május 3». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 28. april 1986. s. 20. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. Henta 15. januar 2023. 
  64. «In televisione». La Stampa. La Stampa - Consultazione Archivio. 3. mai 1986. s. 19. Henta 15. januar 2023. 
  65. «Televizijski spored – sobota, 3. V.» (PDF). Dolenjski list. 24. april 1986. s. 8. Arkivert frå originalen (PDF) 3. november 2023. 
  66. «RTV Program». Slobodna Dalmacija. Arhiv Slobodne Dalmacije. 3. mai 1986. s. 13,16. Henta 15. januar 2023. 
  67. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  68. «H Eυριδίκη επιστρέφει στην... Eurovision! Όλες οι λεπτομέρειες...(ΒΙΝΤΕΟ)». www.alphanews.live (på gresk). Henta 15. januar 2023. 
  69. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  70. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  71. «NRK P1 1986.05.03 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK. 3. mai 1986. Henta 10. august 2017. 
  72. «NRK P2 1986.05.03 : programrapport». www.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK. 3. mai 1986. Henta 10. august 2017. 
  73. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2017. 
  74. «Televisão». Diário de Lisboa. casacomum.org. 3. mai 1986. s. 19. Henta 15. januar 2023. 
  75. «FORO FESTIVAL DE EUROVISIÓN • Ver Tema - Uribarri comentarista Eurovision 2010». Eurosongcontest.phpbb3.es. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 10. august 2017. 
  76. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  77. Cecilia, Carlos García Santa (2. mai 1986). «El Festival de Eurovisión se celebra hoy en Bergen, ciudad natal de Edward Grieg». El País (på spansk). ISSN 1134-6582. Henta 15. januar 2023. 
  78. «Eurovision Song Contest 1986 – BBC One». Radio Times. BBC Genome Project. 3. mai 1986. Henta 15. januar 2023. 
  79. «Eurovision Song Contest – BBC Radio 2». Radio Times. BBC Genome Project. 3. mai 1986. Henta 15. januar 2023. 
  80. «TV + Radio • Samstag». Bieler Tagblatt (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 3. mai 1986. s. 28. Henta 15. januar 2023. 
  81. «I programmi televisivi della fine settimana». Popolo e Libertà. Archivio digitale Sbt dei Quotidiani e Periodici - Lugano. 3. mai 1986. Henta 15. januar 2023. 
  82. «1986 eurovision şarkı yarışması». ekşi sözlük (på tyrkisk). Arkivert frå originalen 11. august 2017. Henta 10. august 2017. 
  83. «Televizyon». Cumhuriyet. 3. mai 1986. s. 4. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. 
  84. «Eurovision Song Contest 1986». www.ecgermany.de. Henta 3. september 2022. 
  85. «Sunday Extra – TV Guide – Sunday May 4». The Canberra Times (på engelsk). 4. mai 1986. s. 18. Henta 15. januar 2023. 
  86. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 10. august 2012. 
  87. ΙΝ, Σύνταξη (8. mai 2013). «Οι Παρουσιαστές του θεσμού της Eurovision». in.gr (på gresk). Henta 15. januar 2023. 
  88. Telewizja – sobota – 24 V. Dziennik Polski (Krakowskie Wydawnictwo Prasowe RSW "Prasa-Książka-Ruch"). 23. mai 1986. s. 8. 
  89. «Televidenije: Programma na nedelju (Телевидение: Программа на неделю)» (PDF). Pravda. 24. mai 1986. s. 6. Arkivert frå originalen (PDF) 8. juli 2021. 
  90. «Csehszlovák televízió – hétfő június 2». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 2. juni 1986. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. Henta 15. januar 2023. 
  91. «TV – szombat május 3». Rádió és TeleVízió újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 28. april 1986. s. 18. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. Henta 14. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]