Eurovision Song Contest 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2024
Offisiell tittel
68. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 7. mai 2024
Semifinale 2 9. mai 2024
Finalen 11. mai 2024
Vertskap
Stad
Malmö Arena i Malmö i Sverige[1]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37
Attende
Luxembourg
Ikkje med
Romania
Diskvalifisert
Nederland (frå finalen)
Kart
Røysting
Vinnar
Sveits med «The Code» av Nemo Mettler
Eurovision Song Contest
Liverpool 2023 2025

Eurovision Song Contest 2024 var den 68. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen. Tevlinga fann stad i Malmö i Sverige etter at Loreen og «Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 for Sverige.[1] Tevlinga blei organisert og produsert av Sveriges Television i samarbeid med EBU. Dette blir den sjuande gongen Sverige står vertskap, og det var tredje gongen Malmö var vertsby for Eurovision Song Contest.

Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 7. mai, ein semifinale torsdag 9. mai og finalen laurdag 11. mai. Dei tre showa blei arrangert i Malmö Arena, som også husa tevlinga i 2013.[1] Sendingane blei overført direkte til alle deltakarlanda og andre land med senderettar.

Til saman deltok 37 land, like mange som året før. Luxembourg returnerte til Eurovision Song Contest etter å ha vore fråverande sidan 1993. Av deltakarlanda måtte 31 land gjennom ein av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Sverige og dei «fem store landa» i finalen, slik at finalefeltet bestod av 26 land. Vinnaren blei kåra av fagjuryar og sjåarar.

Tevlinga blei vunne av Sveits og Nemo med låten «The Code».[2][3] Dette var den tredje sigeren til Sveits i Eurovision Song Contest. Nemo blei også den fyrste ikkje-binære personen til å vinne Eurovision Song Contest. Kroatia enda på andreplass etter å ha vunne telefonavrøystinga. Dette er den beste plasseringa til Kroatia i tevlinga. Ukraina, Frankrike og Israel utgjorde resten av topp fem. Noreg deltok med Gåte og låten «Ulveham».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sverige vann Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med «Tattoo» og Loreen. Dette var den sjuande sigeren til Sverige i tevlinga, etter at ABBA vann i 1974 med «Waterloo», Herreys i 1984 med «Diggi-loo diggi-ley», Carola i 1991 med «Fångad av en stormvind», Charlotte Perrelli i 1999 med «Take Me to Your Heaven», Loreen i 2012 med Euphoria og Måns Zelmerlöw i 2015 med «Heroes». Som vinnar av 2023-tevlinga vann Sverige samstundes retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2024.

Deltakande land[endre | endre wikiteksten]

Til saman deltok 37 land i tevlinga, blant dei var Luxembourg, som ikkje hadde delteke sidan 1993.[4][5]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Semifinalen blei arrangert tysdag 7. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommertid. 15 land deltok i denne semifinalen, og dei ti beste kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Storbritannia og vertslandet Sverige skulle røyste i denne semifinalen.[6] Endeleg startrekkefølgje blei bestemt av produsentane av showet etter at alle bidraga var klåre i midten av mars 2024. Under er ei oversikt over deltakarane i rekkefølgja dei skulle framføre sine bidrag i:[7]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Kypros[8][9] Silia Kapsis[10][11] «Liar» Engelsk 6 67
02 Serbia[12] Teya Dora «Ramonda» Serbisk 10 47
03 Litauen[13] Silvester Belt «Luktelk» Litauisk 4 119
04 Irland[14] Bambie Thug[15] «Doomsday Blue» Engelsk 3 124
05 Ukraina[16] Alyona Alyona og Jerry Heil[17] «Teresa & Maria» Ukrainsk og engelsk 2 173
06 Polen[18] Luna «The Tower» Engelsk 12 35
07 Kroatia[19] Baby Lasagna «Rim Tim Tagi Dim» Engelsk 1 177
08 Island[20][21] Hera Björk «Scared of Heights» Engelsk 15 3
09 Slovenia[22] Raiven[23] «Veronika» Slovensk 9 51
10 Finland[24] Windows95man «No Rules!» Engelsk 7 59
11 Moldova[25] Natalia Barbu «In the Middle» Engelsk 13 20
12 Aserbajdsjan[26] Fahree med Ilkin Dovlatov «Özünlə apar» Engelsk og aserbajdsjansk 14 11
13 Australia Electric Fields «One Milkali» Engelsk og yankunytjatjara 11 41
14 Portugal[27] Iolanda «Grito» Portugisisk 8 58
15 Luxembourg[5][28] Tali[29] «Fighter» Fransk og engelsk 5 117

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Semifinalen blei arrangert torsdag 7. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommartid. 16 land deltok i denne semifinalen, og dei ti beste kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Italia, Spania og Tyskland skulle røyste i denne semifinalen.[6] Endeleg startrekkefølgje blei bestemt av produsentane av showet etter at alle bidraga var klåre i midten av mars 2024. Under er ei oversikt over deltakarane i rekkjefølgja dei skulle framføre sine bidrag i:[7]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Malta[30] Sarah Bonnici[31] «Loop» Engelsk 16 13
02 Albania[32] Besa Kokëdhima[33] «Titan» Engelsk 15 14
03 Hellas[34] Marina Satti[35] «Zari» Gresk og engelsk 5 86
04 Sveits[36] Nemo «The Code» Engelsk 4 132
05 Tsjekkia[37][38] Aiko[39] «Pedestal» Engelsk 11 38
06 Austerrike[40] Kaleen[41][42] «We Will Rave» Engelsk 9 46
07 Danmark[43] Saba «Sand» Engelsk 12 36
08 Armenia Ladaniva «Jako» Armensk 3 137
09 Latvia[44] Dons «Hollow» Engelsk 7 72
10 San Marino[45] Megara «11:11» Spansk og italiensk[a] 14 16
11 Georgia[46] Nutsa Buzaladze[47] «Firefighter» Engelsk 8 54
12 Belgia[48] Mustii[49] «Before the Party's Over» Engelsk 13 18
13 Estland[50] 5miinust og Puuluup «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» Estisk 6 79
14 Israel[51] Eden Golan[52] «Hurricane» Engelsk og hebraisk 1 194
15 Noreg[53] Gåte[54][55] «Ulveham» Norsk 10 43
16 Nederland[56] Joost Klein[57][58] «Europapa» Nederlandsk og engelsk[b] 2 182

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei arrangert laurdag 11. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommartid. 26 land deltok: fjorårsvinnar Sverige, dei fem store landa, dei ti beste frå den fyrste semifinalen og dei ti beste frå den andre semifinalen. Oversikt over finalistane:

#[59] Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Sverige[60] Marcus & Martinus «Unforgettable[61]» Engelsk 9 174
02 Ukraina Alyona Alyona og Jerry Heil «Teresa & Maria» Ukrainsk og engelsk 3 453
03 Tyskland[62][63] Isaak «Always on the Run» Engelsk 12 117
04 Luxembourg Tali «Fighter» Fransk og engelsk 13 103
05 Nederland Joost Klein «Europapa» Nederlandsk og engelsk[b] Diskvalifisert
06 Israel Eden Golan «Hurricane» Engelsk og hebraisk 5 375
07 Litauen Silvester Belt «Luktelk» Litauisk 14 90
08 Spania[64] Nebulossa[65] «Zorra» Spansk 22 30
09 Estland 5miinust og Puuluup «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» Estisk 18 47
10 Irland Bambie Thug «Doomsday Blue» Engelsk 6 278
11 Latvia Dons «Hollow» Engelsk 16 64
12 Hellas Marina Satti «Zari» Gresk og engelsk 11 126
13 Storbritannia[66][67] Olly Alexander[68][69] «Dizzy» Engelsk 19 46
14 Noreg Gåte «Ulveham» Norsk 25 16
15 Italia[70] Angelina Mango «La noia» Italiensk 7 268
16 Serbia Teya Dora «Ramonda» Serbisk 17 54
17 Finland Windows95man «No Rules!» Engelsk 20 38
18 Portugal Iolanda «Grito» Portugisisk 10 152
19 Armenia Ladaniva «Jako» Armensk 8 183
20 Kypros Silia Kapsis «Liar» Engelsk 15 78
21 Sveits Nemo «The Code» Engelsk 1 591
22 Slovenia Raiven «Veronika» Slovensk 23 27
23 Kroatia Baby Lasagna «Rim Tim Tagi Dim» Engelsk 2 547
24 Georgia Nutsa Buzaladze «Firefighter» Engelsk 21 34
25 Frankrike[71][72] Slimane[73] «Mon amour» Fransk 4 445
26 Austerrike Kaleen «We Will Rave» Engelsk 24 24

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Inneheld ein frase på engelsk
  2. 2,0 2,1 Inneheld frasar på tysk, fransk og italiensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Malmö will host the 68th Eurovision Song Contest in May 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 7. juli 2023. Henta 7. juli 2023. 
  2. «Switzerland's Nemo wins the Eurovision Song Contest 2024». eurovision.tv. Henta 12. mai 2023. 
  3. «Sveits vant Eurovision Song Contest 2024». NRK. Henta 12. mai 2023. 
  4. «Eurovision 2024: 37 broadcasters head to Malmö». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 5. desember 2023. Henta 5. desember 2023. 
  5. 5,0 5,1 «Luxembourg to return to the Eurovision Song Contest in 2024». EBU. 12. mai 2023. Henta 12. mai 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 30. januar 2024. Henta 30. januar 2024. 
  7. 7,0 7,1 «Eurovision 2024: Semi-Final Running Orders revealed!». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 26. mars 2024. Henta 26. mars 2024. 
  8. Granger, Anthony (20. oktober 2022). «Cyprus: PANIK Records CEO Confirms Talent Show Selection For Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  9. Bijuvignesh, Darshan (15. mai 2023). «Cyprus: Competitive National Selection For Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2023. 
  10. «Cyprus: Silia Kapsis joins the party!». EBU. 25. september 2023. Henta 25. september 2023. 
  11. Bijuvignesh, Darshan (25. september 2023). «Cyprus: Silia Kapsis to Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 25. september 2023. 
  12. Granger, Anthony (14. juli 2023). «Serbia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 14. juli 2023. 
  13. Granger, Anthony (17. juli 2023). «Lithuania: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 17. juli 2023. 
  14. Granger, Anthony (11. mai 2023). «Ireland: RTÉ Will Assess Options For Eurovision Selection Going Forward». Eurovoix (på engelsk). Henta 21. mai 2023. 
  15. «Bambie Thug will head to Malmö for Ireland with 'Doomsday Blue'». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 27. januar 2024. Henta 27. januar 2024. 
  16. Stephenson, James (28. juli 2023). «Ukraine: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 28. juli 2023. 
  17. «Alyona Alyona and Jerry Heil win in Ukraine». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  18. Farren, Neil (20. september 2023). «Poland: Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. september 2023. 
  19. Farren, Neil (15. september 2023). «Croatia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  20. Granger, Anthony (31. mai 2023). «Iceland: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 31. mai 2023. 
  21. Björnsdóttir, Anna María (30. mai 2023). «Gríðarlegur áhugi Íslendinga á Eurovision». RÚV (på islandsk). Henta 31. mai 2023. 
  22. Stephenson, James (19. september 2023). «Slovenia: Eurovision 2024 Participation Confirmed, Will Announce Plans in October». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. september 2023. 
  23. «Raiven brings her symphony of sirens from Slovenia». EBU. 12. desember 2023. Henta 12. desember 2023. 
  24. Granger, Anthony (28. februar 2023). «Finland: Bigger Venue for UMK 2024?». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  25. Granger, Anthony (13. juni 2023). «Moldova: TRM Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 13. juni 2023. 
  26. Granger, Anthony (16. juli 2023). «Azerbaijan: Eurovision 2024 Selection Launched». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. juli 2023. 
  27. Van Dijk, Sem Anne (7. august 2023). «Portugal: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. august 2023. 
  28. Sandy Schmit (12. mai 2023). «Et ass offiziell: Lëtzebuerg ass 2024 nees beim Eurovision Song Contest dobäi». RTL Lëtzebuerg. Henta 12. mai 2023. 
  29. «TALI will front Luxembourg's return to Eurovision with 'Fighter'». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 27. januar 2024. Henta 27. januar 2024. 
  30. Granger, Anthony (15. april 2023). «Malta: Malta Eurovision Song Contest 2024 Confirmed as Songwriting Camp Announced». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  31. «Sarah Bonnici heads from Malta to Malmö». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  32. Bijuvignesh, Darshan (30. august 2023). «Albania: RTSH Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. august 2023. 
  33. «It's Albania: Besa Kokëdhima wins ticket to Eurovision 2024». EBU. 23. desember 2023. Henta 23. desember 2023. 
  34. Stephenson, James (15. september 2023). «Greece: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  35. Farren, Neil (24. oktober 2023). «Greece: Marina Satti to Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 24. oktober 2023. 
  36. Gannon, Rory (7. juli 2023). «Switzerland confirms Eurovision 2024 participation». That Eurovision Site (på engelsk). Henta 11. juli 2023. 
  37. «The Czech Republic is looking for its representative for the Eurovision Song Contest 2024!». Česká televize (på engelsk). 16. oktober 2023. Henta 16. oktober 2023. 
  38. Granger, Anthony (16. oktober 2023). «Czechia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. oktober 2023. 
  39. «Aiko will represent Czechia at Eurovision 2024». EBU. 13. desember 2023. Henta 13. desember 2023. 
  40. Jiandani, Sanjay (14. juni 2023). «Austria: ORF confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 15. juni 2023. 
  41. «Kaleen will head to Malmö for Austria». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 16. januar 2024. Henta 16. januar 2024. 
  42. «Kaleen tanzt für Österreich in Malmö an». oe3.ORF.at (på tysk). 8. november 2019. Henta 16. januar 2024. 
  43. Christian Ellegaard (12. mai 2023). «DR-chef om dansk Eurovision-fiasko: 'Nej, vi har ikke mistet grebet'». DR (på dansk). Henta 19. mai 2023. 
  44. Granger, Anthony (11. september 2023). «Latvia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. september 2023. 
  45. Washak, James (8. august 2023). «San Marino: Una Voce per San Marino to Remain as Eurovision Selection for 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 9. august 2023. 
  46. Jiandani, Sanjay (15. september 2023). «Georgia: GPB confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  47. «International Idol Nutsa Buzaladze to represent Georgia». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024. 
  48. Granger, Anthony (16. august 2023). «Belgium: RTBF Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. august 2023. 
  49. «Belgium announces first artist for Eurovision 2024!». EBU. 30. august 2023. Henta 30. august 2023. 
  50. Jiandani, Sanjay (5. juli 2023). «Estonia: ERR confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 5. juli 2023. 
  51. Holdiness, Timothy (5. juni 2023). «'The Next Star' to select for Israel in 2024». ESCXTRA (på engelsk). Henta 5. juni 2023. 
  52. «Eden Golan wins 'HaKokhav HaBa' in Israel». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 6. februar 2024. Henta 6. februar 2024. 
  53. Grace, Emily (11. april 2023). «Norway: Melodi Grand Prix 2024 Songwriting Camp Begins In Oslo». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  54. «Gåte win Norway's Melodi Grand Prix». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 3. februar 2024. Henta 3. februar 2024. 
  55. «Gåte er vinneren av Melodi Grand Prix 2024». nrk.no. NRK. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  56. Granger, Anthony (16. mai 2023). «Netherlands: AVROTROS Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2023. 
  57. «Joost Klein to represent the Netherlands at Eurovision 2024». EBU. 11. desember 2023. Henta 11. desember 2023. 
  58. «Joost Klein vertegenwoordigt Nederland op het Eurovisie Songfestival 2024». AVROTROS. 11. desember 2023. Henta 11. desember 2023. «Joost Klein zal Nederland vertegenwoordigen op het Eurovisie Songfestival in Malmö, Zweden.» 
  59. «Eurovision 2024: The Grand Final running order». Eurovision.tv. EBU. 10. mai 2024. Henta 10. mai 2024. 
  60. «Eurovision 2023 Winner’s Press Conference with Loreen». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 14. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  61. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  62. Granger, Anthony (15. mai 2023). «Germany: Confirms Participation in Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2023. 
  63. «Deutschland wird auch 2024 am Eurovision Song Contest teilnehmen». Spiegel (på tysk). 15. mai 2023. Henta 15. mai 2023. 
  64. Grace, Emily (11. mai 2023). «Spain: Eurovision 2024 Participation Confirmed as Benidorm Fest Rules Released». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  65. «Nebulossa wins 'Benidorm Fest' in Spain». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 3. februar 2024. Henta 3. februar 2024. 
  66. «United Kingdom participation in the Eurovision Song Contest 2024 is confirmed plus all three live shows will be broadcast on BBC One and iPlayer». BBC (på engelsk). 18. oktober 2023. Henta 18. oktober 2023. 
  67. Cília, João (18. oktober 2023). «United Kingdom: Eurovision 2024 Semi-Finals To Air On BBC One». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. oktober 2023. 
  68. «It's Olly Alexander for the United Kingdom at Eurovision 2024». EBU. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023. 
  69. «Eurovision 2024: Pop star Olly Alexander to represent the UK». BBC. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023. 
  70. «Claudio Fasulo: “Più Eurovision su Rai1 nel 2024. Mengoni e la bandiera arcobaleno? Non lo sapevamo”». Spettacolo Fanpage (på italiensk). Henta 19. mai 2023. 
  71. Granger, Anthony (7. juni 2023). «France: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. juni 2023. 
  72. Jiandani, Sanjay (7. juni 2023). «France: France 2 confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 7. juni 2023. 
  73. «Slimane will represent France at Eurovision 2023». EBU. 8. november 2023. Henta 8. november 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2024