Ludvig Engesæter
Utsjånad
Ludvig Engesæter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1859 Brekke kommune |
Død |
5. juli 1946 (87 år) |
Yrke | lærar, lokalhistorikar, skribent |
Ludvig Torsteinsson Engesæter (23. april 1859–5. juli 1946) var ein norsk lærar og lokalhistorikar. Han var frå Brekke i Gulen kommune. Engesæter tok lærareksamen 1880. Frå 1885 var han lærar i Bergen, og frå 1911 overlærar ved Sandviken skole. Han var medlem av Bergen skolestyre 1903-1909, og var i mange år formann i Bergen Lærerlag, og 1896-1917 var han medlem av landsstyret i Norges Lærarlag.
Frå 1929 var Engesæter engasjert for å skrive bygdeboka for Brekke kommune.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1944 – Brekke herred. 1. bind. Ei bygdebok (Bergen: Grieg) I fulltekst ved nb.no
- 1944 – Brekke herred. 2. bind. Gard, tun og ætt (Bergen: Grieg)
- 1948 – Sandviken skole : 1898-1948 : og litt om skoleforhold i Sandviken før 1898 (Bergen: Grieg) [Stoffet er for det meste henta frå Ludvig Engesæter sine manuskript om skulane i Bergen]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2017-04-07 ved Wayback Machine.