Gulen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°0′N 5°12′E

Gulen kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Eivindvik
Areal 597 km²
 - land 576 km²
 - vatn 21 km²
Folketal 2 345 (1. januar 2018)
Folketettleik 4 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Hallvard Oppedal (Sp)
Kommunenr. 1411
NO 1411 Gulen.svg
Wikimedia Commons: Gulen
Nettstad: www.gulen.kommune.no

Gulen kommune ligg sørvest i Sogn og Fjordane og grensar i nord til Solund og Hyllestad, i aust til Høyanger og i sør til Austrheim og Masfjorden i Hordaland. Kommunen har ei rik soge. Namnet kjem frå det norrøne Guli, dativ Gula. Gulatinget vart skipa på Guløy, på 800-talet.

Steinkrossane i Eivindvik er motivet i kommunevåpenet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Geografi i Gulen.

1 500 øyar, holmar, skjer og fleire små kryssande dalføre på fastlandet utgjer kommuenen. I tillegg femner han dels småkupert strandflate, dels brattare areal og fjell innanfor.

Kommunen er avgrensa av Sognefjorden i nord, Nordsjøen i vest, Fensfjorden i sør og fjella i Stølsheimen i aust. Det høgste punktet er Svadfjell 878 .oh. Dei største øyane er Sandøya, Hisarøy, Byrknesøy, Mjømna og Hille. Det er fem lengre fjordar i kommunen. Risnefjorden (arm av Sognefjorden), Gulafjorden som deler seg i Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden.

Geologien i Gulen er einsidig, nesten heile kommunen utgjer om lag 1,5 milliardar år gamal, proterozoisk gneis i grunnfjellskjoldet. Heilt i sørvest er nokre små øyar med ein kaledonsk berggrunn, av dei Røytinga, som er bygd opp av sandstein og konglomerat frå devontida.

Området vart råka under den kaledonske fjellkjedefoldinga men ligg like utanfor den eigentlege Kaledonske fjellkjeda. Det er eit gneisbrot på Halsvik i sør som vert utnytta kommersielt av Halsvik Aggregates AS i Sløvåg. Gneisen går for det meste til eksport til Europa, men er òg levert til Ormen Lange-prosjektet.

Dyrelivet er vestlandsk med mellom anna hjort, rådyr, raudrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. I havet kan ein treffa på steinkobbe, havert, vågekval, seikval, finnkval, knølkval, nise, kvitskjeving og grindkval.

Klima, arealfordeling, vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Gulen har eit utprega temperert kystklima, med milde vintrar og varme somrar. Det er mykje nedbør og sterk vind. Klimaet har vore årsak til mange flaumar og ulukker opp gjennom tidene. I Brekke er det vorte registrert den største nedbøren i et kalenderår i Noreg på 5596 mm. I 1995 vart det målt 184,6 millimeter nedbør på eitt døgn på målestasjonen på Takle.

Meteorologisk institutt har betjent, synoptisk vêrstasjonTakle ved Sognefjorden, den har vore i drift sidan 1950. Tabellen under viser meteorologiske data med døgnmiddelverdiar for Takle vêrstasjon, samanlikna med Oslo og Bergen, basert på perioden 1961–90:

Stad Hoh. Temp. - januar (°C) Temp. - juli (°C) Temp. – år (°C) Årleg nedbør (mm) Vekstsesong (dagar) Sommar (dagar) Snø >25 cm (dagar)
Takle 30 1,0 13,5 6,8 3176 214 117 9,5
Oslo / Blindern 94 –4,3 16,4 5,7 763 188 133 30
Bergen / Florida 12 1,3 14,3 7,6 2250 215 143 3

Vekstsesong: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 5 °C.
Sommar: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 10 °C.
Snø: Talet på dagar med minst 25 cm snølag på bakken, basert på perioden 1971–2000.

Klimaet er likt klimaet i Bergen, men er noko kaldare jamnt over og meir snørikt. Det er både litt færre sommardagar og litt kortare vekstsesong på Takle enn i Bergen. Også på Takle har vintrane vorte mildare og mindre snørik dei siste tiåra. Medan talet på døgn med minst 25 cm snødjupn var 13,5 i trettiårsperioden 1961-1990, var dette redusert til 9,5 i perioden 1971-2000.

Vegetasjonen er sparsam, det er relativt lite skog og eng, men meir snaufjell og beitemark. Kommunen strekkjer seg ikkje over tregrensa. Fordelinga innan arealet er slik:

  • Dyrkbar mark 4 %
  • Skog 19 %
  • Vatn 3 %
  • Anna 74 %

Gulen har kystvegetasjon og relativt surt jordsmonn. Det veks furu og einer, men ikkje gran her i vest. Lauvskogen er dominert av bjørk heilt opp i fjellet. Det er og ein del edellauvskog med lind, medan bøk stoppar i nabokommunen Lindås i sør.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er to tettstader i kommunen, kommunesenteret Eivindvik med 318 innbyggjarar per 1. januar 2017 på fastlandet, og Byrknes med 283 innbyggjarar per 1. januar 2017 vest på Byrknesøy.

Samhald og politikk[endre | endre wikiteksten]

Gulen kommune vart oppretta som Evenvik formannskapsdistrikt i 1837. I 1850 vart Brekke, med 898 innbyggjarar, skild ut som eigen kommune. Det var deretter 3.944 innbyggjarar i Gulen. I 1858 vart Solund, som då heitte Utvær, med 1.384 innbyggjarar, skild ut frå Gulen som sjølvstendig kommune. Gulen hadde deretter 3.018 innbyggjarar.[1] Namnet på kommunen vart endra frå Evenvik til Gulen i 1890.[2]

1. januar 1964 vart Brekke med 782 innbyggjarar igjen ein del av Gulen kommune.[3] Samtidig vart øya Losna med 40 innbyggjarar overført til Solund kommune.[4] Før kommunesamanslåinga hadde Gulen kommune 2.468 innbyggjarar (utanom Losna). 1. januar 1964, etter endringane, budde det 3.250 personar i Gulen kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Gulen kommune frå 1920:
1.12.1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[7][8] 1.1.1961[7][8] 1.1.1971[7] 1.1.1981[7] 1.1.1991[7] 1.1.2001[7] 1.1.2010[7]
4080a 3888a 3822a 3755a 3375a 2844 2734 2585 2473 2302
a Talet omfattar øya Losna, som var del av gamle Gulen kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Solund kommune. Denne øya hadde då 40 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gulens betydning i eldre tider kjem av at det låg strategisk plassert nært både Hordaland og Sunnfjord, og ikkje minst tente Gulen som utgangspunkt for seglinga inn Sognefjorden til Sogn. Det er gjort funn frå steinalderenFlolid, Berge og Blidensol. Det er og funne branngraver frå bronsealderen langs kystleia. Frå jernalderen er funna talrike. Ved Dingenes i nordvest stod det eit slag i 978 kor Håkon jarl overvann kong Ragnfred, siste son til Eirik Blodøks.

I Gulen, på garden Flolid låg Gulatinget i gammal tid, som no er kommunen sin tusenårsstad. Her samla høvdingar og storbønder frå heile Vestlandet seg for å avgjera rettstvistar og hylle norske arvekongar. Tingområdet gjekk på det meste frå Agder til Sunnmøre. Tinget er svært gamalt, det var forbilde for det islandske Alltinget då det vart oppretta i 930. Gulatinget vart halde i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmellomalderen fram til 1200-talet, då vart det flytt til Bergen.

Gulen var viktig i kristninga av Vestlandet, noko som syner seg i to steinkrossar, ein norsk-anglisk og ein norsk-keltisk, og ein døypefont i Eivindvik, som alle er om lag 1 000 år gamle. Den 3. av krossane som stod i Eivindvik til ca 1940 er den som stod ved kyrkja på Flolid stranda og som tidlegare stod på Gulatinget.

I seinmellomalderen styrde Hansaen all handel og privilegium på Vestlandet gjennom Bergen, og fiske og anna næringsverksemd i Gulen blei gjennom dansketida underlagt handelsmonopola som borgarane i Bergen hadde. Landbruket bygde på sjølvforsyning og det blei difor dyrka korn alle stader der det lét seg gjere. Elles stod storfehaldet sentralt. Svartedauden slo hardt i Ytre Sogn, med meir enn 40 % øydegardsdanning. Med meir tilgjengeleg dyrkiningsareal og mindre arbeidskraft etter pesten, gjekk landskylda ned 20-30 %, og det blei umogeleg for dei fleste å driva arbeidskrevjande korndyrking. Difor skjedde det etter 1350 ei omlegging frå korndyrking til nesten utelukkande mjølke- og kjøttproduksjon. Dessutan blei fisket viktigare, men mest for sjølvforsyning. Det gav meir variert kosthald og høve til å byta til seg korn frå kontinentet via Bergen. Stigande kjøttprisar på kontinentet gav ganske gode tider på bygdene på Vestlandet.[9] Frå 1500-talet sette Den vesle istida inn og varte ut 1700-talet, men det ser ikkje ut som den bremsa befolkningsveksten noko særleg.[10]

Seinmellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Seinmellomalderen innleidde altså ei tid med redusert befolkning, og fallande jordprisar og avgiftstrykk på bøndene. I Gulen må vi tru at leidang og bondeoppbod var tyngjande av di området låg så nær Bergen i denne konfliktfylte tida, men etter Hansaens definitive siger på Vestlandet vart leidangsplikta borte langs kysten, og frå 1429 stod berre leidangsskatten attende.[11] Gulen låg heilt nord i Nordhordland syssel, men etter Svartedauden og landbrukskrisa som følgde, blei det stadig vanskelegare å skapa grunnlag for dei 40-50 sysselmennene som kravde inn lokal landskyld og inntekter. Etterkvart vart Gulen og det øvrige Vestlandet difor del av det større Bergenhus len, eit teikn på konsentrasjonsbehovet for ei stadig svakare statsmakt. Berre kyrkja styrkte seg i denne tida, med prestetienda, soknetienda og bispetienda hennar, i tillegg til inntektene frå reine kyrkjegods.

Håkon Håkonson bygde ei kyrkje i Guløy. Det er truleg den kyrkja som gamle folk hugsar, og som det tidlegare var merke etter på Flolidstranda. Denne kyrkja vart seinare flytta til Eivindvik. Stavkyrkja vart riven på 1500-talet og mot slutten av hundreåret vart det bygd ei lafta tømmerkyrkje. Etter reformasjonen i 1536 gjekk inntektene til kyrkja ned, både på grunn av statleg konfiskasjon av kyrkjegods og av di bispetienda blei ein statsskatt. Lensmann Tord Rod i Bergenhus len gjekk hardhendt fram og plyndra alle katolske gull- og bileteskattar frå dei lokale kyrkjene. Samstundes sigra dansk som kyrkjespråk på denne tida. Utover 1600-talet skreiv Staten stadig oftare ut krigsskatt, festningsskatt, landskatt og sølvskatt blant bøndene i heile landet, og mindre overskot vart att lokalt. Bøndene ved Sognefjorden nekta i 1532, men deretter blei skattebyrda ofte årviss. Det var mykje klager, opprør og tidvis drap på omreisande futar i fylket på denne tida.[12] Inntektene finansierte krig og festningsbygging, medan den lokale kyrkjeorganisasjonen forfall. Likevel blei folketalet i landet dobla 1520-1660 takka vere sterk vokster i skogbruk og fiske, men desse vekstnæringane hadde lita utbreiing i Gulen så folkevoksteren var venteleleg svakare der enn i landet elles.[13] Auka fiske og trelastproduksjon for eksport fekk sitt motstykke i auka kornimport frå Danmark for å fø den auka befolkninga.[14]

Gulen kyrkje var i privat eige frå 1720-talet til 1862, då enka etter presten Daae selde ho attende til soknet. Den 15. juni 1863 vart kyrkja selt på tvangsauksjon og inventaret vart spreidd i prestegjeldet - og nye Gulen kyrkje vart reist.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Frå midten av 1700-talet vart jordbruket styrkt av ideelle organisasjonar, og ein av «potetprestane» i fylket var Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik, som fekk til den fyrste utskiftinga av landbruket i fylket, som òg var ei av dei første i landet. Det Kongelige Selskap for Norges Vel fekk ein sterk, lokal leiar i denne soknepresten, som introduserte gjødsling og grøfting for bøndene i Gulen.[15] 1800-talet vart prega av sterk folkevekst i bygdene, og i andre halvpart av hundreåret starta store endringar i jordbruket - kalla «det store hamskiftet» - som innleidde ein femtiårsperiode med svært låg økonomisk vekst. Marknadsrettinga av jordbruket avfolka delar av vestlandsbygdene, men Gulen vart her eit av relativt få unntak. Medan mange vestlendingar flytta til Bergen eller USA, gjorde svært få frå Gulen det same og kommunen hadde ein moderat fertilitet.[16] Hamskiftet i fylket elles sette særleg inn frå 1890-talet, med utskifting til større og meir sjølvstendige bruk frigjorde frå klyngetun.[17] Oppsvinget i fisket gjennom heile hundreåret var truleg viktig for at Gulen berga seg sopass godt gjennom hamskiftet, sjølv om store skifte i sildebestanden hadde ein verknad. Den sokalla «møretorsken» som vart til klippfisk var ein viktig kompensasjon innan fiske på denne delen av Vestlandet på 1870-talet, men frå og med 1880-talet kom nye typar reiskapar og «svenskeskøyter» i bruk i Ålesund og utkonkurrerte mykje av det opne kystfisket.[18] Frå 1900 byrja og dampskip raskt å gjera seg gjeldande med basar i Nordfjord.[19] Likevel var det vanleg at folk frå Gulen årleg seglde inn i Indre Sogn med fisk og tran, og bytta dette mot korn og poteter.

Den 11. mars 1822 mista 14 fiskarar frå Gulen livet i ein orkan. I den same orkanen kom det òg bort 8 fiskarar frå den sørlege delen av Solund kommune.

Krisesituasjonane frå kring 1875 og to tiår frametter førte likevel til radikalisering av både Gulen og mange andre vestlandsbygder. Ved stortingsvalet 1882 og 1885 fekk motstraumspartiet Venstre meir enn 75 % oppslutnad i Gulen, og målstrev, avhaldssak og andre motkulturar stod sterkt i denne delen av fylket. Derimot høyrde ikkje Gulen til beltet av republikanske kommunar som strekte seg langsmed Langfjella og fjordane, færre enn 20% stemte for republikk i Gulen. I 1905 var realinntekta i Noreg lågare enn i 1875, og det gjaldt særleg i industrifattige kommunar som Gulen. Folk her byrja med strategien for sjølvberging som vert kjenneteikna av fiskarbonden. Det vanlege var at kona dreiv garden medan mannen dreiv fiske, ei arbeidsdeling som òg greip om seg langs kysten nordover landet. Det vitnar om eit samhald som styrde klar av mange av dei dramatiske endringane som fylgde med hamskiftet og industrialiseringa i nabokommunane lengre inne i Sognefjorden, der attåtnæringane var få og utvandringa til Amerika vart særs høg.

Kommunen fekk eigen sparebank i 1885 ved etableringa av Gulen Sparebank, éin av kring 250 bygde-sparebankar på denne tida.[20] Banken skulle finansiera utbyggingane lokalt, og det vart meir enn kyrkjepåbygg utover hundreåret. Gulingen Jon Kahrs etablerte Sellevåg Treskofabrikk i 1899, eit føretak som var i drift fram til 1975. I nyare tid vart fleire føretak i Gulen starta av Wergeland-familien, som kom frå staden Verkland. Dette er slekta til nasjonaldiktaren Henrik Wergeland. Dei starta Halsvik Cementstøperi i 1955, som har vorte komplettert med anna industriverksemd under Wergeland-Halsvik AS - det største føretaket i kommunen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sjå og: Fiskeoppdrett i Gulen

Fiske er den viktigaste næringa i Gulen. Kommunen har vore ein av dei verkeleg store oppdrettskommunane på Vestlandet sidan tidleg på 1960-talet.

Gulen prestegjeld og sokn[endre | endre wikiteksten]

Gulen er eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Det var tidlegare òg eit prestegjeld. Gulen prestegjeld var delt inn i sokna Brekke, Gulen og Mjømna.[21] Brekke sokn femna den austre delen av prestegjeldet, Gulen den midtre og Mjømna den vestre. Det er tre kyrkjer i det tidlegare prestegjeldet; Brekke kyrkje på Brekke, Gulen kyrkje i Eivindvik og Mjømna kyrkje vest på øya Mjømna. I tillegg kjem Byrknesøy kapell frå 1972, som ligg under Mjømna sokn. Kyrkja på Mjømna vart innvigd i 1901, dei to andre kyrkjestadene i prestegjeldet kan førast attende til mellomalderen, og kyrkjestaden i Eivindvik kan vere mellom dei eldste i landet.[22]

Gulen sokn høyrde til Nordhordland prosti til 1773, då vart soknet overført til Sogn.[23] Sokna Lavik og Bø i Hyllestad vart skilde ut frå Gulen prestegjeld i 1808 og danna det nye Lavik prestegjeld. Brekke sokn vart overført til Lavik i 1859 og ført attende til Gulen prestegjeld i 1964. I 1859 vart Solund skild ut som eige sokn frå Gulen sokn, og frå 1887 vart Solund og Husøy sokn skilde ut frå Gulen prestegjeld og danna det nye Solund prestegjeld. Mjømna sokn vart skild ut frå Gulen sokn i 1901.[24]Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Gulen overført til Nordhordland prosti att.[25]

Arkiv frå Gulen - registrerte i Arkivportalen.no[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
  2. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 57
  3. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54
  4. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Folkemengd i Gulen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 8,0 8,1 Folkemengd i Brekke 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  9. Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 19-21.
  10. Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 24.
  11. Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 28-29.
  12. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  13. Vi kjenner ikkje folketala i sokna føre 1660, da vart det gjennomført folketeljing i heile landet.
  14. Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 100, 119-122.
  15. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  16. Jostein Nærbøvik, Norsk historie 1870-1905, Oslo 1986, side 9-14, side 22 og 26 (kart). Færre enn 10% utvandra 1875-1905 samanlikna med 1875-folketalet, noko som plasserer Gulen innan den tidelen av kommunane som hadde lågast utvandring. I Gulen var fertiliteten 1900-1905 på 300-329 per kvinne i alderen 15-44 år, også det i det nedre nasjonale sjiktet.
  17. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  18. Jostein Nærbøvik, Norsk historie 1870-1905, Oslo 1986, side 71-75.
  19. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  20. Jostein Nærbøvik, Norsk historie 1870-1905, Oslo 1986, side 67.
  21. Om Gulen fellesråd på nettstaden til Den norske kyrkja
  22. Margrethe Henden Aaraas, og Sigurd Vengen: «Gulen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  23. «Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  24. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  25. «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Helle, Knut: Gulatinget og Gulatingslova, Leikanger 2001. ISBN 82-7959-022-6
  • Kleiva, Ivar: Gulen i Gammal og Ny Tid I-III» 1996