Otto Huseklepp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Huseklepp
Otto Huseklepp.jpg
Fødd 2. april 1892
Død

31. juli 1964

Otto Huseklepp (2. april 189231. juli 1964) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Guddal i Fjaler kommune og busett i Førde. Huseklepp tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1915. I nesten heile sin yrkeskarriere var han lærar og styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule. I perioden 1923-1929 var han lærar ved Nordfjord Ungdomsskule.

Huseklepp hadde leiarverv i indremisjon, mållag og fråhaldslag og han var kommunestyremedlem. Han var også vararepresentant til Stortinget 1946-1953, der han møtte både i 1947 og 1949. Han engasjerte seg også i oppstarten av Sunnfjordtunet (Sunnfjord museum).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1933 – Sunnfjord krins av N.K.U.F. : Fjordane krins 1895 : Sunnfjord krins 1908 (Sandane: Søreides Prenteverk)  [Skriftnemnd: Ola Stubhaug, I. Helgheim, Otto Huseklepp]
  • 1936 – Reknebok for ungdomsskulen (Sandane: I kommisjon hjå bokprentar R. Søreide) I fulltekst ved nb.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]
  • 1940 – Mållære for framhaldsskule, realskule og ungdomssskule (Sandane: I kommisjon hjå bokprentar R. Søreide) I fulltekst ved nb.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]
  • 1952 – Solvang : Sunnfjord ungdomsskule 1902-1952 (Førde: Sunnfjord ungdomsskule) I fulltekst ved nb.no  [Skriftstyre: Otto Huseklepp, Kristian Ulltang]
  • 1958 – Sunnfjordtunet (Førde: Sunnfjord Sogelag)
  • 1964 – Mållære for folkehøgskulen : nynorsk (Oslo: Fabritius) I fulltekst ved nb.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]