Stortinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som avgjer dei fleste sakene samla.

Tidlegare var Stortinget delt i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget, ved handsaming av lovsaker. Lovsakene blir no handsama av eit samla Storting, men ein ny lov må vedtakast med same ordlyd to gonger.

Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er

  • å vedta nye lover og endra eller oppheva gamle
  • å vedta statsbudsjettet, det vil seia å fastsetja dei årlege inntektene og utgiftene til staten
  • å kontrollera regjeringa og statsforvaltninga
  • å handsama planar og retningsliner for verksemda til staten ved å drøfta meir generelle politiske spørsmål (til dømes i utanrikspolitikken), ta standpunkt til reformplanar, godkjenna større prosjekt med vidare

Ettersom Noreg har eit parlamentarisk styringssystem må kongen velja rådgjevarane sine – regjeringa – frå parti som har tillit hjå eit fleirtal på Stortinget, og regjeringa må gå av viss eit fleirtal på Stortinget seinare uttrykkjer mistillit til regjeringa.

Stortingsrepresentantar[endre | endre wikiteksten]

Det er stortingsval kvart fjerde år. Av dei 169 representantane kjem 150 direkte inn som distriktsrepresentantar, medan 19 kjem inn på utjamningsmandat. Talet på representantar som skal veljast inn i kvart valdistrikt er sett fast i den norske grunnlova ut frå folketalet og flatevidda av distrikta. Sist stortingsval var den 14. september 2009, jf. lista over stortingsrepresentantar 2009–2013.

Etter ei grunnlovsendring frå 2003 er ikkje talet på representantar frå kvart valdistrikt fastsett i grunnlova. Lova seier i staden kor mange representantar ein skal ha totalt, og gjev ein utrekningsmåte for korleis dei skal fordelast ut frå folketal og areal i valdistrikta (Grl. § 57).

Frå 1989 til 2005 hadde Stortinget 165 representantar. Av desse blei åtte valde inn som utjamningsrepresentantar, fordelt over heile landet.

Arbeidsordning[endre | endre wikiteksten]

Presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Stortingspresidenten leier møta i Stortinget, i samarbeid med visepresidentane. I tillegg har presidenten i oppgåve å representera Stortinget i offisielle høve. Stortingspresidenten er konstitusjonelt nummer to i landet, berre etter Kongen, og tek over visse kongelege oppgåver dersom kongen er fråverande eller indisponert.

Stortingspresident for perioden 2009–2013 er Dag Terje Andersen. Her er valt fem visepresidentar i nummerrekkefølgje.

Stortingskomiteane
Fagkomitear

Andre komitear

Komitear[endre | endre wikiteksten]

Mesteparten av det faglege arbeidet i Stortinget skjer i komiteane. Fordeling av saker på dei ulike komiteane er fastsett i Stortingets forretningsorden.

Saker som Stortinget skal ta stilling til blir først handsama av ein fagkomité. Kvar stortingsrepresentant sit i ein komite som har eit særskilt arbeidsområde. Det er tretten faste fagkomitear pluss den utvida utanrikskomiteen, og i tillegg tre administrative komitear; andre komitear kan utnemnast om det trengst.

Møteprosedyre[endre | endre wikiteksten]

Stortingsmøta tek til med at stortingspresidenten innleier med «Stortingets møte er lovlig sett», eller ein variasjon av desse orda. Deretter opnar presidenten for private forslag før Stortinget fortsetter med den tidlegare fastsette møteplanen. Når møteplanen er ferdig behandla blir møtet heva. Stortinget sit saman så lenge det finn det naudsynt.

Lovendringar[endre | endre wikiteksten]

Lovframlegg, anten det gjeld nye lover eller endring eller oppheving av eksisterande lover, blir i hovudsak presentert for Stortinget av regjeringa i lovproposisjonar (Prop. L), men kan òg fremjast av enkeltrepresentantar gjennom såkalla private lovframlegg (Grl. § 76).

Eit lovframlegg må handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at loven skal bli vedteken. Minst tre dagar må gå mellom dei to behandlingane. Dersom framlegget blir forkasta ved den første handsaminga, fell det bort. Om eit lovframlegg ikkje blir akseptert ved den andre handsaminga, må det handsamast ein tredje gong.

Eit lovframlegg som er vedteke av Stortinget, blir sendt vidare til kongen for sanksjonering (Grl. § 77). Kongen kan etter grunnlova nekta å sanksjonera eit lovframlegg – kongens vetorett – og senda det attende til tinget, som i så fall ikkje får leggja det fram på nytt før etter neste stortingsval (Grl. § 78). Men viss det neste Stortinget vedtek det same lovframlegget, vert det til lov anten Kongen sanksjonerer det eller ikkje (Grl. § 79).

Framlegg om brigde i Grunnlova må leggjast fram i eitt av dei tre første Storting etter eit val. Deretter kan det vedtakast av eitt av dei tre første Stortinga etter neste val (Grl. § 112). Endringar i grunnlova må alltid gjerast med kvalifisert fleirtal av Stortinget i plenum. Grunnlovsendringar blir underskrivne av stortingspresidenten og stortingssekretæren, ikkje kongen, men blir sende kongen (les: regjeringa) til orientering og vidare offentleggjering (Grl. § 112).

Odelsting og Lagting[endre | endre wikiteksten]

Grunnlova § 49 sa tidlegare at «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» Stortinget blei altså delt i to delar når det handsama lovforslag. Stortingsrepresentantane sjølve fordelte seg på dei to kammera etter stortingsval. Ein fjerdedel av representantane sat i Lagtinget medan resten sat i Odelstinget.

Stortinget var likevel ikkje delt i to kammer på same måte som mange andre nasjonalforsamlingar. Medlemmene i dei to avdelingane blei valde under eitt ved same stortingsval, for same periode, og etter same krav til å kunne veljast.

I røynda hadde Lagtinget svært lita makt den siste tida. Ut frå samansettinga i dei første tiåra etter 1814 kan det sjå ut som om dette tinget var meint å virka som eit overhus. I våre dagar fungerte det ikkje slik, ettersom yngre representantar og førstegangsvalde gjerne blir plasserte her. I teorien hadde Lagtinget ein viktig funksjon i samband med riksretten, som blei utforma av medlemmene av dette kammeret saman ned høgsterettsdommarane. Det har ikkje vore reist riksrettssaker i Noreg sidan 1927.

Forslaget til grunnlovsendring blei sett fram i september 2004 og blei 20. februar 2007 vedteke av Stortinget med 159 mot 1 stemme. (Berre Sverre Myrli stemde mot.) Nyordninga er i kraft frå 1. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stortinget
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stortinget