Ålefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålefisk
Anguillarostratakils.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Overorden: Elopomorpha
Orden: Ålefisk Anguilliformes
L.S.Berg, 1943

Ålefisk er ein orden beinfisk som omfattar 740 artar fordelt på femten til tjue familiar. I norske farvatn er to artar ål og havål vanlege, medan sneppål er kjend frå spreidde observasjonar. Ålefisk er avlange og liknar slangar, og lever i alle verdshav. Dei fleste artane er botnlevande rovfisk.

«Ål»-omgrepet vert òg nytta generelt om avlange, slangeforma fisk. Døme på dette kan vera slimål og elektrisk ål.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ålefisk har avlange kroppar og manglar bukfinnar. Dei artane som har brystfinnar har desse relativt langt oppe på sida av kroppen. Rygg- og gattfinnen flyt over i halefinnen, som anten er utan stråler eller manglar fullstendig. Dei fleste ålefisk har smale gjelleopningar og manglar skjel. Alle artane har symjeblære.

Det er stor variasjon innanfor ordenen når det kjem til storleik, somme artar vert om lag 10 cm lange, medan andre kan veksa seg opp til 3 meter.

Ålelarver er flattrykt frå sidene og vert kalla leptocephalus. Denne er gjennomsiktig, fordi han manglar raude blodceller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase