Årelating

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning på ein vase frå antikkens Hellas som viser ein lege (iatros) som tar årelating på ein pasient.

Årelating er ein behandlingsmetode som går ut på å opne ei blodåre for å tappe ut blod. For å opne blodåra brukar eit ein kniv- eller tongliknande reiskap kalla flitt eller sneppert. Alternativt kan ein la blodsugande igler suge ut blodet.

Årelating er ei av dei eldste behandlingsformene ein kjenner og har truleg vore nytta heilt frå byrjinga av legevitskapen. Trass i store naturvitskapelege oppdagingar og medisinske framsteg frå rundt år 1500 og utover, vart ikkje trua på årelating svekka før rundt år 1900. Etter 100 år i skuggen av moderne behandlingsmetodar har årelating vorte teke i bruk att på pasientar som lid av hemokromatose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Årelating
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.