Æðey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Æðey

Æðey (Ærøy på norsk) er den største øya i ÍsafjarðardjúpIsland, like nedanfor fjellet Snæfjallaströnd. Ho har fått namn etter ærfuglane (æðarvarp på islandsk) som er å finne her, i tillegg til mange andre fugleartar. Øya er forholdsvis låg og er berre 34 meter over havet på det høgaste. Øya er frodig og dekt av gras.

Det står mellom anna ei kyrkje på øya og sidan 1946 har ho hatt ein vêrstasjon.