Ærekrenking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ærekrenking eller injurie er eit lovbrot der nokon med ord eller handling anten krenker æreskjensla eller omdømmet til ein annan på ein slik måte at det gode namnet og ryktet til personen vert råka. Dette kan vere å utsette personen for hat, ringeakt eller tap av den for hans stilling eller næring fornødne tillit.

Ærekrenking kan straffast med bøter eller fengsel inntil eit halv år, men i somme tilfelle inntil tre år. Det er òg straffbart med ærekrenking retta mot døde personar. Om nokon er skulda for ærekrenking kan personen sleppe straff om han kan føre bevis for sine ærekrenkande skuldingar. Om skuldingane er framsett utan aktverdig grunn eller på ein utilbørleg måte kan dette likevel vere straffbart. Ei framsett ærekrenking kan òg medføre erstatning- og oppreisingskrav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]