Æresord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Æresord (frå fransk parole d'honneur) er ei forsikring gjeven med æra si i pant om at ein lovnad vert halden.

Dette vart særleg i tidlegare tider nytta til frigjeving av fangar under krigstid, mest overfor offiserar. Dei kunne då løyslatast på æresord om at dei ikkje kom til å delta i fleire krigshandlingar. Dette vart mellom anna nytta av tyskarane overfor norske offiserar etter kampane i Noreg var over i 1940. Etter kongeleg resolusjon av 10. juni 1949 er det ulovleg for norske offiserar å gje æresord når dei er fanga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]