Éinkrystall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein stor KDP-krystall.

Éinkrystall er ein krystallinsk lekam der einingscellene overalt er heilt eller nesten parallelle, det vil sei så parallelle at det optisk sett verkar som om atoma til alle krystalla er ordna i same regelmessige gitter. Ein éinkrystall er vanlegvis ikkje nokon perfekt krystall, men kan vise krystallfeil som kjem av forureiningar eller fordi krystallen er danna som ein mosaikkrystall av småkrystallar som ved rekrystallisering har innordna seg i det vesentlegaste etter same mønster.

Ein éinkrystall kan i motsetnad til ein fleirkrystall nyttast for å avgjere krystallstrukturen, for spektroskopiske undersøkingar og for studiet av andre retningsavhengige eigenskapar, men dei mekaniske eigenskapane til krystallen (brotfastleik, kløyv), elektriske og termiske eigenskapar avheng sterkt av krystallfeil og reinleiksgrad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]