Ëa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ëa (alvisk: Ver), er namnet Tolkien gav verda og skaparverket. Ordet vart uttala som skaparord av Eru.

Ëa kan samanliknast med det fysiske universet, der Arda berre er ein liten del. Utanfor Ëa held Eru til og dei av ainuane som ikkje steig ned i verda. Dei som steig ned vart kalla Valar, og menneska reknar dei som gudar. Desse hadde som oppgåve å sette skaparverket i stand og skipe det rett til borna av Eru Ilúvatar vakna i Arda.

Grensene for Ëa er The circles of the world eller Heimskrinsane. Etter Tolkiens mytologi er det berre menneska som kan fare over og ut av desse krinsane. Alvar og valar er bundne til verda.