Ísafjörður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå sentrum, mellom anna Ísafjarðarkirkja
Restauranten Faktorshúsið i Hæstakaupstaður er ein av dei eldste bygningane i Ísafjörður

Ísafjörður er ein tettstad på ei øyr ved Skutulsfjörður. Han er kommunesentrum i kommunen Ísafjarðarbær og største tettstaden i denne.

Ísafjörður var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786 (dei andre var Reykjavík, Grundarfjörður, Akureyri, Seyðisfjörður og Vestmannaeyjar) men mista dei igjen saman med dei andre bortsett frå Reykjavík. Byen fekk igjen rettane i 1866. Byen og nabokommunen Eyrarhreppur blei slått saman 3. oktober 1971, da under namnet Ísafjarðarkaupstaðar.

I 1994 blei Snæfjallahreppur lagt til kommunen og året etter Sléttuhreppur etter at denne hadde vore fråflytta i meir enn fire tiår.

Den 1. juni 1996 blei Ísafjarðarkaupstaður slått saman med fem andre kommunar i Vestfjordane: Flateyrarhreppur, Mosvallahreppur, Mýrahreppur, Suðureyrarhreppur og Þingeyrarhreppur, under namnet Ísafjarðarbær.

Ísafjörður er vennskapsby med Tønsberg.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.