Öxarfjörður
Utsjånad
| Öxarfjörður | |||
| fjord | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Öxarfjörður 66°12′15″N 16°40′38″W / 66.20408333°N 16.67733333°W | |||
| Wikimedia Commons: Öxarfjörður | |||
Öxarfjörður er ein brei fjord nordaust på Island mellom nesa Tjörnes og Melrakkaslétta.
Öxarfjörður er omkrinsa av fjellkjede i vest og i aust og lavasletta Gjástykki i sør. Den einaste tettstaden i området er Kópasker med om lag 170 innbyggjarar. Den midtatlantiske ryggen går gjennom dei vestlege delane av fjorden før han går under vatn igjen.
I tidlegare tider gjekk fjorden lenger inn i landet men sandavleiringar frå breelva Jökulsá har danna eit platå på 300 km² kalla Sandur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Öxarfjörður» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2007.

