Øymark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øymarksjøen

Øymark er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Østfold fylke. Øymark var saman med Aremark del av Aremark formannskapsdistrikt frå 1837. 1. juli 1903 vart Øymark skilt ut som eigen kommune. Øymark hadde då 1 832 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Øymark og Rødenes kommunar slått saman til den nye Marker kommune. Øymark hadde ved samanslåinga 2 091 innbyggjarar.