Ünal Üstel
| Ünal Üstel | |||
| Fødd | 1955 (71 år) Páfos | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Nord-Kypros, Tyrkia | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Istanbul | ||
| Alle verv | |||
Ünal Üstel (fødd 1955) er ein tyrkisk-kypriotisk politikar som frå 12. mai 2022 har vore statsminister i den ikkje-anerkjende republikken Nord-Kypros.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Üstel er fødd i Páfos og utdanna ved det odontologiske fakultetet ved universitetet i Istanbul i 1983.[1] Etter studia vende han tilbake til Nord-Kypros, der han blei vald inn i parlamentet i 1991 frå valkrinsen Kyrenia (Girne) for det (tyrkisk-)nasjonalistiske, konservative partiet Det nasjonale einskapspartiet (Ulusal Birlik Partisi, UBP). I 2001 og 2002 var han visepresident i parlamentet. Han blei attvald i 2003, 2009 og 2013. I perioden frå april 2011 til juni 2013 var han statsråd for turisme, kultur, ungdom og miljø i regjeringa til İrsen Küçük,[2] før han igjen blei visepresident i parlamentet frå 4. september 2013 til 9. oktober 2015.[3][4]
Frå 20. februar 2021 til 5. november 2021 var Üstel helseminister i regjeringa til Ersan Saner.[5] Etter at Faiz Sucuoğlu danna ny regjering i november 2021 blei Üstel innanriksminister frå 21. februar 2022.[1]
Den 12. mai 2022 blei Üstel utnemnd til statsminister og danna eiga regjering.[6]
Üstel er gift og har to barn.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «The task of forming the TRNC government was given to the Minister of the Interior, Üstel. - 247 News Bulletin». 247newsbulletin.com.
- ↑ «KIBRIS GAZETESI :. İç Haberler». kibrisgazetesi.com.
- 1 2 «Kim kimdir?» (på tyrkisk). www.starkibris.net.
- ↑ «The task of forming the government in the TRNC was given to the Minister of Interior, Ustel.». turkeynewsen.com. 10. mai 2022.
- ↑ «Northern Cyprus gets new health minister». www.aa.com.tr.
- ↑ «KKTC'de UBP-DP-YDP koalisyon hükümeti kuruldu» (på tyrkisk). www.cumhuriyet.com.tr.
- Denne artikkelen bygger på «Ünal Üstel» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2023.