4H

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
4H-logoen
Skilt på ein gard i Colorado som viser han er med i 4H.

4H er eit nettverk av barne- og ungdomsorganisasjonar over heile verda. I Noreg er rørsla representert av 4H Norge. 4H blei opphavleg til i USA tidleg på 1900-talet. Dei fire H-ane i namnet står for hovud, hjerte, hender og helse. 4H har sterke røter i landbruket og driv mellom anna eigne gardar og setrar.

4H i USA vert administrert av det amerikanske landbruksdepartementet, medan den norske organisasjonen er heilt sjølvstendig.

4H er religiøst og politisk nøytral. Organisasjonen har som mål å utvikle samfunnsengasjement, ansvar og respekt blant ungdom gjennom at dei driv sitt eige organisasjonsarbeid.

4H sitt motto er «å lære ved å gjere». Ved at medlemmene i den lokale klubben sjølv vel sitt eige styre, blir det drive demokratiopplæring i praksis. Eit mål er at ungdommen sjølv skal drifte klubben med så lita innblanding frå dei vaksne (klubbrådgjevarar) som mogleg.

Ein kan bli medlem av 4H frå ein er 10 år, og heilt til fylte 26 år. Ein 4H-medlem har eit prosjekt kvart år, der det blir stilt krav til korleis prosjektet skal gjennomførast. Alle 4H-klubbane har haustfest, ofte i oktober, der medlemmane stiller fram prosjekta sine. Under haustfesten blir oppgåvene vurderte, og viss ein står, får ein eit merke som bevis, samt eit dokument som er underskrive av den som har vurdert oppgåva. Ein går gjennom fire stadium når ein er i 4H. Når ein byrjar som 10-åring er ein aspirant, når ein blir 12 år blir ein junior. Når ein har gått i 4H i over fem år, blir ein senior. Det siste året i 4H får ein det som er målet for 4H-arane, nemleg plaketten. Det er eit prov på at ein har gjennomført 4H-programmet og har fått godkjent eit visst tal 4H-prosjekt. Det vanlegaste er å motta plaketten som 18-åring. 4H-vitnemålet blir gjerne lagt ved t.d. jobbsøknader. Ein del vel å halde fram med 4H sjølv etter plaketten, då som alumnar. Alumnane er ofte ressurspersonar ved arrangement for «vanlege» medlemmar.

4H arrangerer landsleir annankvart år. Fylka har sine eigne fylkesleirar. Mange har òg aspirantleirar.

4H-lyftet[endre | endre wikiteksten]

Vi lover å arbeide mot det mål å bli en ungdom med klart hovud, varmt hjerte, flinke hender og en god helse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]