50. sørlege breiddesirkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linje over jorda
50°
50. sørlege breiddesirkelen

50. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 50 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Stillehavet og Sør-Amerika.

Ved denne breidda er sola synleg i 16 timar og 22 minuttar under desembersolkverv og åtte timar og fire minuttar under junisolkverv. Den 21. desember står sola 63,83 grader opp på himmelen og 21. juni 16,17 grader.

Kring verda[endre | endre wikiteksten]

Frå nullmeridianen og austover passerer den 50. sørlege breiddesirkelen gjennom:

Koordiantar Land, territorium eller hav Merknad
50°0′S 0°0′E Atlanterhavet
50°0′S 20°0′E Indiahavet Passerer like sør for Kerguelen,  Dei franske sørterritoria
50°0′S 147°0′E Stillehavet Passerer like sør for Antipodøyane,  New Zealand
50°0′S 74°53′W  Chile Dei patagonske øyane og fastlandet
50°0′S 73°26′W  Argentina
50°0′S 67°54′W Atlanterhavet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]