69. fortifiserte infanteribrigade i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den 69. festning-brigaden frå Russland (69. otdelnaja brigada prikritija; kyrillisk: отдельная бригада прикрытия), er ein brigade underlagt 35. kombinerte armé i den russiske hæren. Han er forlagt til Babstovo i Den jødiske autonome oblasten.[1]

Namna og omsetting[endre | endre wikiteksten]

Eit av namna er, 69-я отдельная Свирско-Померанская Краснознамённая, ордена Красной звезды Амурская казачья бригада прикрытия. «69. sjølvstendige Svirsk-Pomeransk Raude Fane med Amur-kosakkane Raude Fane orden fortifiserte brigade», er ein fri omsetting til nynorsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avdelinga vart opprinneleg oppsett i under andre verdskrig i 1941 som 272. infanteridivisjon i Leningrad oblast. I 1989 vart divisjonen flytta til Den jødiske autonome oblasten og konvertert til 128. sovjetiske maskingevær-artilleridivisjon. Etter fleire reorganiseringar og namnebyte, fekk avdelinga i 2009 nemninga 69. otdelnaja brigada prikritija, med tilhøyrande æresnamn.[1]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Eit regiment som kallast istrebiltelno-protivotankovyj artilleriskij polk ("skyttar-panservern-artilleri-regiment"; fritt oversette) er del av brigaden. Bataljonane har snikskyttar-tropp, etterretningstropp og panserverntropp. Det finns òg ein ingeniørbataljon og ein rakettkastar-bataljon i brigaden. [2]

Mobilitet i felt[endre | endre wikiteksten]

På nettstaden Quora (i 2016) skreiv ein brukar at to av dei fire bataljonene (i brigaden) har (eigne) lastebilar, og brukaren skreiv vidare at brigaden er "partially converted to mobile unit".[3]

Utstyr og våpen[endre | endre wikiteksten]

Brigaden er uvanleg samansett med MT-LBV, mitraljøser av den gamle typen KPVT, men òg nokre nye Psj-30V. Panserverntroppene har panservern-missilet "Kornet". Rakettkastarbataljonen har rakettkastaren "Prima".[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 {{Kjelde www|URL=https://voinskayachast.net/suhoputnie-voyska/motostrelkovie/vch61424
  2. 2,0 2,1 Вадим Львов. Оперативное вмешательство. Side ?. [1]
  3. https://www.quora.com/What-is-a-Mobile-Fortress-Brigade-in-Russian-Ground-Forces . Vitja 2018-05-14