Skarpskyttar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amerikansk skarpskyttar ved vindauge i Afghanistan i 2006.
Eit nederlandsk skarpskyttarpar i teneste for ISAF-kommandoen.

Skarpskyttar er opphavleg nemninga på ein særs dyktig skyttar som er ekstra treffsikker med skytevåpen. Namnet blir ofte brukt om militært personell, men mange politiavdelingar er i dag også sette opp med eigne skarpskyttarar. Dei har ofte spesialkompetanse på skarpskyttargevær og disiplinar knytt til strategisk og taktisk utnytting av det. Skarpskyttar brukast òg brukt i daglegtale som heidersnemning om treffsikre sivile skyttarar.

Stundom vert det engelske ordet sniper oversett til snikskyttar på norsk, men dette vert rekna som ei nedsetjande nemning av norske skyttarar sjølve som istaden føretrekk å bli kalla skarpskyttarar. Innan det norske militærfaget vert ikkje snikskyttar brukt som nemning. Derimot er skarpskyttar ei stilling i det norske forsvaret kvar ein nyttar skarpskyttargevær og som krev spesialutdanning innan blant anna langhaldsskyting, oppklaring og overvaking. Vanlege soldatar, som ikkje nødvendigvis er skarpskyttarar, kan ta skarpskyttermerket.

Innan politiet eller det militære er skarpskyttar ei taktisk rolle. Skarpskyttarane har vanlegvis ei framifrå rifle med kikkertsikte som deira primærvåpen, og er i militær samanheng kjende for å halda låg profil i kampsonar.

Militære skarpskyttarar[endre | endre wikiteksten]

Ein skarpskyttar er ein infanterisoldat som er spesialist på skarpskyttargevær og særs god i bruken av dette. Organisatorisk er skarpskyttaren ofte å finne som ein del av eit spesialisert infanteri- eller ei spesialstyrke, og der anten i eit lag, tropp eller kompani, eller einskild soldat. Skarpskyttarar opererer ofte i par kvar den eine observerer og korrigerer elden, medan den andre skyt etter å ha fått klarsignal frå observatøren. Organisatorisk finn ein desse i eigne einingar - lag eller tropp, og oppgåvene er oftast å ta ut særs viktige mål hjå fienden i løynd frå kamuflerte stillingar etter lang tids venting på at målet skal dukke opp. Utdanninga hjå skarpskyttaren er ofte lang og hard, fordi personen skal lære seg å operere i par langt frå eigne styrkar, navigere i løynd i ukjent og ofte fiendtleg lende og finne gode skyte- og observasjonsstillingar som ikkje lett kan oppdagast av fienden. Ved høve kan ein skarpskyttar ta ut så viktige mål at ein kan tala om asymmetrisk krigføring.[1] Militære skarpskyttarar er kjende for å halda låg profil i kampsonar, og rifle med kikkertsikte er oftast deira primærvåpen. Skarpskyttarar er òg særs dugande til å ta ut fiendtlege skarpskyttarar.[2]

Samanlikning med geværlags skarpskyttarar[endre | endre wikiteksten]

I militær samanheng skil ein vanlegvis mellom:

  • Ein skarpskyttar (engelsk sniper) er ein ISTAR-spesialist trent i villmarksteknikk som opererer sjølvstendig eller i små lag, og er som regel ein del av eit spesialisert infanteri- eller ei spesialstyrke. Skarpskyttarar i Noreg går ikkje inn under kategorien infanterisoldat, men istaden under jegersoldat/patruljemenn.
  • Ein geværlags-skarpskyttar (engelsk designated marksman) er ein vanleg geværmann trent for å skyte på mellomlange avstandar, men som hovudsakleg fungerer som vanlig geværmann og er utan trening å operere i små forband. Hovudrolla til ein geværlags skarpskyttar er å gje ein infanteritropp moglegheita til å engasjere mål på lengre avstandar enn det dei andre geværmennene i patruljen eller troppen er i stand til.

Mord[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet snikskyttar vert stundom brukt om privatpersonar som driv skarpskyting i kriminell samanheng for å ta livet av særleg utpeikte ofre. Eit av dei mest kjende snikskyttarmorda i verda er mordet på USAs president John Fitzgerald Kennedy 22. november 1963 medan han vitja byen Dallas i delstaten Texas.

Fiksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Skyttar (2007) er ein amerikansk actionthriller frå 2007 regissert av Antoine Fuqua. Den er basert på romanen Point of Impact av Stephen Hunter. Filmen handlar om skarpskyttaren Bob Lee Swagger (spelt av Mark Wahlberg) som hamna i konkurranse med ein skarpskyttar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jackson, Mike (2006). Operation Banner: An Analysis of Military Operations in Northern Ireland. MoD, Army Code 71842
  2. Bray, Hiawatha (4 October 2005). «Robotic-vacuum maker, BU team up on anti-sniper device». The Boston Globe. 
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.