7,62 × 54R

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
7,62 × 54R

7,62 × 54R (òg kalla 7,62 Russian) er ein russisk riflepatron.

Patronen vart opphavleg utforma for den russiske Mosin-Nagant M91/30-rifla i 1891. Patronen vart brukt i tsartida og gjennom sovjetperioden i både rifler og maskingevær. Winchester Modell 1895 var òg kamra i dette kaliberet pga. ein kontrakt med den russiske regjeringa. Patronen vert framleis brukt i SVD-rifla, og dessutan i nokre moderne maskingevær. Kula er 7,92 millimeter i diameter, då dette er diameteren på løpet inni rillene i riflinga, medan på høgdene (bommen) i riflinga er løpet 7,62 millimeter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]