9A52 Smertsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
9A52-2 avfyringsrampe
9K58 Smerch (IDELF-2008) 

9A52 Smertsj (russisk Смерч, 'kvervelvind'), 9K58 Smertsj eller 9A52-2 Smertsj-M er ein sovjetisk tung rakettkastar. Systemet er utforma for å slå ut personell, pansra kjøretøy og mjuke mål mål i konsentrasjonsområde, til dømes artilleribatteri, kommandoanlegg og ammunisjondepot. Rakettkastaren vart lansert tidleg på 1980-talet og gjekk inn i teneste i den sovjetiske hæren i 1989.[1][2][3]

Komponentar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste komponentane i 9K58 Smertsj-systemet er følgjande:

  • Rakettar 9M55 eller 9M528;
  • BM 9A52-2 avfyringsrampe;
  • TZM 9T234-2 omladingskjøretøy med ei 850 kg kran og 12 ekstra rakettar;
  • Automatisert eldkontroll med kommandoplass av typen 1K123 "Vivary";
  • Vedlikehaldskøyretøy PM-2-70 MTO-V;
  • Arsenalutstyr 9F819;
  • Øvingsutstyr 9F827 og 9F840.

Skotvidda er 70 og 90 km med ulike stridshovud utvikla for Smerch rakettkastar.

Køyretøyet 9A52-2 med automatisert eldkontroll har desse fordelane:

  • levering av artillerield frå eit stillingsområde langt frå målområdet;
  • auke i overlevelsesevne på grunn av redusert tid i stillingsområdet;
  • auka komfort for operatør, spesielt i dårleg vêr og om natta;
  • auka sjølvstendig drift på grunn av navigasjon og måleutstyr, noko som gjer systemet høve til å raskt endra stillingar og flytta sjølvstendig;
  • reduksjon av mannskap i høve til andre rakettkastarsystem.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. MLRS Smerch
  2. ««Сплав» создал беспилотник, зашитый в ракету РСЗО «Смерч»». ТАСС (på russisk). Henta 2. mars 2017. 
  3. «Зашитый в ракету РСЗО «Смерч» беспилотник создан в РФ». Телеканал «Звезда». 28. februar 2017. Henta 2. mars 2017.