AMD
Advanced Micro Devices, Inc. | |
![]() | |
![]() | |
Skipa | 1969 |
---|---|
Dotterselskap | SeaMicro, ATI Technologies, Xilinx ![]() |
Bransje | Halvleiarar |
Produkt | Mikroprosessorar Hovudkort-brikkesett Grafikkprosessorar Dekoderbrikker for DTV Mediabrikkesett for Handheldne einingar |
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | Sunnyvale, Santa Clara ![]() |
Adm. direktør | Lisa Su |
Tilsette | 15 653 |
Resultat | 3 162 000 000 US-dollar ![]() |
Nettstad | www.amd.com |
Advanced Micro Devices, Inc. (AMD) (NYSE: AMD) er eit USA-amerikansk multinasjonalt selskap med hovudkontor i Sunnyvale i California. AMD utviklar prosessorar og annan maskinvare for datamaskinar. AMD er den nest største globale leverandøren av mikroprosessorar basert på x86-arkitektur etter Intel Corporation, og den tredje største leverandøren av grafikkustyr. Selskapet eig og 21 prosent av Spansion, ein leverandør av flash-minne.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Advanced Micro Devices (ofte forkorta AMD) blei oppretta i 1969 som ein produsent av logiske kretsar. I 1975 starta selskapet å produsera RAM-brikker. Same år lanserte dei sin egen klone av 8-bit prosessoren Intel 8080, og kalla denne AM9080ADC. I 1975 lanserte òg AMD AMD Am2900, ein 4-bit prosessor som hovudsakleg blei nytta som mikrokontrollar. Det utvikla seg etter kvart ein heil «familie» med forbetra utgåver, med namn som AMD Am2901, AMD Am2902, osv.
I 1988 lanserte AMD ein meir avansert mikrokontrollar, kalla AMD Am29000. Dette var ein 32-bit RISC-prosessor, og ein klone av Intel 80960. òg denne brikka blei byrjinga på ein eigen «familie» med mikroprosessorar (AMD Am29005, AMD Am29030, etc.). AMD slutta å produsere desse mikroprosessorane i 1995.
Brikkesett[endre | endre wikiteksten]
Før lanseringa av Athlon 64 prosessoren i 2003 hadde AMD utvikla brikkesett for K6- og K7-generasjonen prosessorar. Dette brikkesettet inkludererte AMD-640-, AMD-751- og AMD-761-brikkesett. Situasjonen endra seg i 2003 med utgjevinga av Athlon 64-prosessoren, og AMD valde å ikkje forsette med eigne brikkesett for sine desktop-prosessorar, og valde å opne desktop-plattforma slik at andre firma kunne designe brikkesett til ho. Basert på den opna brikke plattforma laga ATI, VIA og SiS eigne brikkesett for Athlon 64-prosessorar og nyare Athlon 64 X2 og Athlon 64 FX-prosessorar, inkludert Quad FX-plattforma brikkesett frå Nvidia. Dette initiativet var fylgt opp med lanseringa av Opteron-servar prosessorar som AMD stoppet utforminga av brikkesett til i 2004. Etter utgjevinga av AMD-8111 brikkesette, blei server plattforma opna slik at eksterne verksemder kunne byrje å utvikle brikkesett for Opteron-prosessorer. Slik situasjonen er i dag er Nvidia og Broadcom dei einaste som lagar brikkesett for Opteron-prosessorar.