Abakanelva
Utsjånad
| Abakan | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 32 000 km² | ||
| Lengd | 514 km | ||
| Middelvassføring | 400 m³/s | ||
| Munning | Jenisej | ||
![]() Abakanelva 51°18′36″N 88°30′29″E / 51.31°N 88.508°E | |||
| Wikimedia Commons: Abakan River | |||
Abakan (russisk Абака́н, frå det khakasiske ordet for «bjørneblod») er ei elv i republikken Khakasia og Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå venstre. Elva er 514 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 000 km². Elva har ei middelvassføring på 400 m³/s.
Abakan oppstår der elvane Bolsjoj Abakan og Malyj Abakan renn saman vest i Sajanfjella og renn nordaustover gjennom Minusinsksenkinga til byen Abakan, der ho munnar ut i Krasnojarsk-reservoaret i Jenisej.
Elva vart nytta til tømmerfløyting og irrigasjon. Sideelva Ona er kjent den beste elva i Khakasia for rafting.[1]
Utanom republikkhovudstaden Abakan ligg òg byen Abaza ved Abakanelva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abakan (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rafting down the Ona og Kantegir Rivers, arkivert frå originalen 25. april 2005, henta 28. oktober 2008
