Abandonering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Abandonering tyder å gje frå seg, forlate, eller gje opp noko.

I norsk rett vert omgrepet brukt om dei tilfella der eit konkursbu opphevar kverrsetjinga av ein eigedom eller rett som eigentleg høyrer til buet, jf. konkursloven § 117 b. Grunnen er ofte at eigedommen ikkje har økonomisk interesse for konkursbuet, til dømes fordi han står i pant.

I slike tilfelle går råderetten over eigedommen tilbake til skuldmannen etter ei abandoneringserklæring frå bustyraren. I tillegg slettar bustyraren meldinga om konkurs som er tinglyst på eigedommen, jf. konkursloven § 79 sjuande ledd. Eventuelt kan eigedommen overførast til panthavaren, jf. konkursloven § 117c. Dette vert kalla «ueigentleg abandonering».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]