Abiogenese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Abiogenese eller abiogenesis (av gresk a, 'ikkje', bios, 'liv' og genesis, 'opphav') er teorien om korleis liv kan oppstå frå livlaus materie.

Frå antikken trudde ein at liv spontant kunne oppstå utan foreldreorganismar. ]Aristoteles hevda til døms at dyr kunne oppstå frå einkvar tørka lekam som blei fukta, eller ein fukta lekam som blei tørka. Først på 1800-talet viste vitskaplege eksperiment at slike organismar ikkje oppstod av seg sjølv. Louis Pasteur sine eksperiment frå 1862 var særleg viktige for å visa dette.

I dag er abiogenese rekna som ein vitskapleg hypotese der inorganisk materie spontant går saman og dannar organiske molekyl som er i stand til å kopiera seg sjølv.

Det finst fleire konkurrerande hypotesar, men den som har breiast vitskapelig støtte er RNA-hypotesen. Denne går kort ut på at RNA er det einaste kjende sambandet som kan fungera både som arvemateriale og enzym.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Opphavet til liv
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.