Abukir
Abukir (arabisk أبو قير, egyptisk uttale æboˈʔiːɾ, også skrive Aboukir og Abū Qīr) er ein liten hamneby i Egypt. Han ligg ved Middelhavet om lag 21 km nordaust for Alexandria. Ruinane av oldtidsbyen Kanopos ligg 3 kilometer frå Abukir. Byen har namn etter Kyros, ein kristen martyr og helgen.
Abukir ligg på vestsida av Abukirbukta. Her fann Slaget ved Nilen (også kalla Slaget ved Abukir) stad i 1798. Her vart den franske flåten til Napoleon øydelagd av den engelske under leiing av admiral Nelson.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Abukir» i Store norske leksikon, snl.no.