Acqui Terme
Utsjånad
| Acqui Terme | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 33,3 km² | ||
| Folketal | 18 967 (1. januar 2023)[1] | ||
![]() Acqui Terme 44°40′34″N 8°28′07″E / 44.676111111111°N 8.4686111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Acqui Terme | |||
Acqui Terme er ein by og ein kommune i provinsen Alessandria i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har 19 000 ibuarar og eit flatemål på 33,4 km². Byen ligg 34 kilometer sørvest for provinshovudstaden Alessandria.
Byen er kjent for sine varme svovelkjelder, som var kjende allereie i romersk tid.[2] Ei av dei ligg i sentrum av byen. I 1870 utforma Giovanni Ceruti ein liten paviljong, kjend som La Bollente, for staden i byen der vatnet når temperaturar opptil 75 °C.
Framstilling av vin er ei viktig næring i kommunen. Han er ein av dei viktigaste kommunane innan DOCG-området Brachetto d'Acqui.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://demo.istat.it/?l=it.
- ↑ «Acqui». 1911 Encyclopædia Britannica. Volume 1.
- ↑ Bastianich, J.; Lynch, D. (2005). Vino Italiano. Crown Publishing. s. 132, 153, 419. ISBN 1-4000-9774-6.
- Denne artikkelen bygger på «Acqui Terme» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2024.
