Ad quadratum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ad quadratum-skisse av ei domkyrkje.

Ad quadratum ('kvadratmetoden') er eit arkitektonisk komposisjonssystem som byggjer på kvadrat. Prinsippet byggjer på at ein bruker kvadratet på ulike måtarfor proporsjonering av byggverk, ved ei samanstilling av kvadrat og diagonalane deira.[1]

Prinsippet blei nemnd i 1398 i samband med bygginga av domkyrkja i Milano, der ein også nemnde ad triangulum eller triangelprinsippet. I norsk samanheng er omgrepet «ad quadratum» mest kjend i samband med ein hissige debatt som oppstod då F. Macody Lund la fram planar i Ad Quadratum I og II (1919 og 1928) for restaurering av Nidarosdomen basert på dette prinsippet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gunnarsjaa, Arne (6. februar 2019). «ad quadratum». Store norske leksikon (på norsk).