Adrian Sejersted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adrian Sejersted


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1994 (29 år)
Noreg
Idrett alpint

Adrian Smiseth Sejersted (fødd 16. juli 1994) er ein norsk alpin skirennar frå Asker, medlem i Stabæk IF. Lotte Sejersted er syster hans.

Han vann NM-gull i utfor i 2012 og 2014. Ved junior-verdsmeisterskapen 2014 i Jasná i Slovakia vart han fyrstemann i utforrennet og andremann i super-kombinasjonen. I 2016-sesongen sikra han seg gullmedaljen i super-g-øvinga ved noregsmeisterskapen. Hans første pallplass i verdscupen i alpine greiner kom då han i Val-d’Isère den 12. desember 2020 vart nummer 2 i ei super-g-tevling. Under Vinter-OL 2022 rende han inn til fjerdeplass i super-g.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]