Adult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Adult (frå latin: adultus "fullt utvikla", "vaksen", av adolesco "vekse opp") er i biologien ein term for utviklingsstadiet då organismen er fortplantningsmogen. I ornitologien er eit adult individ ein fugl som er kjønnsmogen og har etablert det «endelege» fjørdraktsmønsteret og utvikla dei draktkarakterane som han sidan har livet ut. Sjølvsagt held fuglen fram å myte livet ut, og mange artar har ulike drakter sommar og vinter.

Ulike fugleartar får adult fjørdrakt etter ulikt mange år. Som regel kan ein seie at dess større fuglar dess fleire år går før dei får adult fjørdrakt. I perioden når fuglen nærmar seg adult fjørdrakt men ikkje er heilt utfarga brukast utrykket subadult.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]