African Confidential

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

African Confidential er eit britisk nyheitsbrev om Afrika. Det vart grunna av ei gruppe britar i 1960 då Afrika stod framføre avkolonisering og store endringar. Opphavleg var det kalla Africa 1960, med nytt årstal kvart år, fram til det fekk det faste namnet sitt seint på 60-talet.

Nyheitsbrevet har som mål å publisera påliteleg, upartisk informasjon om Afria. Til forskjell frå mange britiske tidsskrift har det ikkje nokon offisiell politisk agenda. Nyheitsbrevet har dekt og analysert hendingar på kontinentet ved hjelp av eit stort nettverk av korrespondentar. Frå byrjinga var artiklane dei skreiv usignerte, for å unngå forfølging i ustabile land på veg mot sjølvstende. Denne politikken har nyheitsbrevet fortsett med, ettersom ytringsfridommen framleis er truga fleire stader i Afrika.

African Confidential var eigd av ei gruppe uavhengige britar fram til 1994, då det blei kjøpt av Oxford-forlaget Blackwell Publishers. Redaktøren fortsette å ha ein sjølvstendig rolle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]