Afroamerikanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Jesse Jackson, ein aktivist for afroamerikanarar

Afroamerikanarar (engelsk Afro-Americans) eller afrikansk-amerikanarar (African Americans) er nemningar på den folkesetnaden i USA som i større eller mindre grad stammar frå folkegrupper med mørk hudfarge i Afrika.[1] Dei fleste er etterkommarar etter afrikanske slavar som vart bringa til det amerikanske kontinentet under den transatlantiske slavehandelen.[2]

Fordelinga av rasar i USA i folketeljinga i 2000. «Svarte», markert i mørkerødt, utgjorde 12,3 %

I folketeljinga i 2000 var det 36,7 millionar menneske som identifiserte seg som afrikansk-amerikanarar, noko som vil seia 12,3 % av folkesetnaden. 54,8 % budde i Sørstatane, 17,6 % i nordaust, 18,7 % i Midtvesten og 8,9 % i vest.

I folketeljinga i USA i 2010 vart Black (svart), African American (afrikansk-amerikanar) og Negro (neger) brukt som likeverdige omgrep, fordi ulike grupper identifiserer med alle dei tre omgrepa.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein svart slave i Baton Rouge, Louisiana i 1863, som har vorte piska av oppsynsmannen på plantasjen

Frå «kontraktstjenere» til slavar[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjende svarte afrikanarane kom Britisk Nord-Amerika i 1619 som kontraktstjensre i Jamestown, Virginia. Sidan engelske nybyggare døydde på grunn av dei harde tilhøva i kolonien, vart stadig fleire afrikanarar henta som arbeidarar. Afrikanarane hadde i mange år same juridiske status som fattige engelske kontraktstjenare, som hadde forplikta seg til fleire års arbeid som betaling for reisa til Amerika.[4] Afrikanarar kunne dyrka jorda eller avla husdyr for å kjøpa fridomen sin Dei stifta familiar, gifta seg med andre afrikanarar og nokon gonger med den indianske urbefolkning eller med engelske nybyggjare. I 1640- og 1650-åra åtte fleire afrikanske familiar gardar rundt Jamestown og nokon vart velståande etter koloniale tilhøve.[5][6]

Eit rasebasert slaverisystem utvikla seg ikkje fullt før på 1700-talet. Den transatlantiske slavehandelen hadde sin storheitstid på 1700-talet og dei fyrste åra på 1800-talet. I 1775 utgjorde afrikanarane inntil 20 % av folkesetnaden i dei amerikanske koloniane, og var den nest største etniske gruppa etter engelskmennene. Etter at innføring av nye slavar vart forbode i 1807, heldt slavehandelen fram internt i USA, både med importerte slavar, men òg med borna som vart selt vidare som slavar.[7] Det var ganske vanleg at kvite slaveeigarar eller oppassare sette born på svarte kvinner, for å sørgja for fleire slavar. Barn av slavekvinner vart automatisk slavar. I USA utvikla den såkalte «ein drope-regelen» seg, som innebar at alle med synleg svart avstamning vart rekna som «negrar».

Raselover[endre | endre wikiteksten]

Tida etter borgarkrigen var i byrjinga ei tid der tilhøva for dei svarte betra seg, men på slutten av 1800-talet innførte sørstatane ei rekkje rasistiske lovar (Jim Crow-lovane) for å tvinga gjennom rasesegregering og forhindra svara frå å få politisk makt.[8] Dei fleste svarte føydde seg etter dei undertrykkjande lovane. Samstundes grunnla dei eigne svarte institusjonar, som skolar, klubbar og forretningsforetak, for å oppretthalda sjølvrespekt og vørdnad.[9]

Raselover og vald mot svarte auka sterkt i omfang frå slutten av 1800-talet, og tilhøva kunne tildels vera verre for mange svarte i sørstatane enn slutten av slavetiden nokon tiår før. USAs høgsterett opprettheldt rasesegregering i domen Plessy v. Ferguson i 1896.[10] Svara afrikanarar, særleg i sørstatane, levde ofte i stor fattigdom, gjerne som fattige gardsarbeidarar under tilhøve som ikkje var særleg ulike frå slavetiden. Samstundes vart svarte i sørstatane ofte utsett for lynsjing og voldtekt. Dette førte til ei stor migrasjonsbølgje på byrjinga av det 20. århundret, der mange svarte forlét sørstatane til fordel for nord, vest og midtvesten.[11] I det nordlege USA oppstod samstundes ein intellektuell og kulturell elite innan den svara folkesetnaden, som stod i spissen for kampen mot diskriminering og vald mot svarte.

Den første presidenten med afrikansk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 2008 vart Barack Obama vald til president i USA, som den første med svart afrikansk bakgrunn, om enn utypisk for dei fleste svarte amerikanarar. Faren hans var kenyaner, mora kvit amerikanar. I tillegg har han eit arabisk førenamn og heldt til 4 år av barndomen i Indonesia. Obama sjølv har skildra seg som av «blandingsrase» (mutt).[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McKinnon, Jesse. «The Black Population: 2000 United States Census Bureau» (PDF). United States Census Bureau. Henta 2007-10-22. 
  2. «The size and regional distribution of the black population». Lewis Mumford Center. Arkivert frå originalen 2007-10-12. Henta 2007-10-01. 
  3. «U.S. Census Bureau interactive form, Question 9». Arkivert frå originalen 2010-01-08. Henta 8. januar 2010. 
  4. Hashaw, Tim (2007-01-21). «The First Black Americans». U.S. News & World Report. Arkivert frå originalen 2011-02-02. Henta 2008-02-13. 
  5. The shaping of Black America: forthcoming 400th celebration.
  6. The First Black Americans - US News and World Report.
  7. http://www.dalhousielodge.org/Thesis/scotstonc.htm
  8. Davis, Ronald L.F., Ph. D. «Creating Jim Crow: In-Depth Essay». The History of Jim Crow. New York Life Insurance Company. Arkivert frå originalen 2002-06-14. Henta 2007-06-07. 
  9. Davis, Ronald, Ph. D. «Surviving Jim Crow». The History of Jim Crow. New York Life Insurance Company. Arkivert frå originalen 2012-05-26. 
  10. Mal:Findlaw us
  11. «The Great Migration». African American World. PBS. 2002. Henta 2007-10-22. 
  12. Kornreich, L. (2008): Obama: New dog could be 'mutt like me'.