Agnar Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Agnar Christensen
Fødd 5. juni 1969
Noreg
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Agnar Hallsten Sjøvoll Christensen (fødd 5. mai 1969) er ein norsk fotballtrenar, for tida hovudtrenar i Tromsø Idrettslag. Han er bror til Roar Christensen som spelte ni sesongar for TIL.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Christensen har spelt 569 kamper for Grovfjord Idrettslag. Han debuterte for A-laget då han var 16 år og 15 dagar, noko som er rekord for klubben.[1]

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Christensen var spelande trenar i Grovfjord Idrettslag i 1997. Han førte damelaget til Medkila Idrettslag til ein sensasjonell cup-triumf i 2003. Han vart henta som assistenttrenar til Tromsø IL før 2006-sesongen under Ivar Morten Normark. Christensen fortsette i denne rolla då Steinar Nilsen overtok trenaransvaret for TIL. Før Nilsen overtok, hadde Christensen hovudansvaret for TIL i to seriekampar.[2] Han vart hovudtrenar frå årsskiftet 2012/13.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Agnar Christensen», Grovfjord.net.
  2. «Agnar Christensen», Isberget.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]