Akrylglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elektrisk gitar av plexiglass.

Polymetylmetakrylat (forkorta PMMA og òg kjend som akrylglas) er ein gjennomsiktig termoplast ofte brukt som ei lettvekt si eller knuseresistent alternativ til glas.

Sjølv om det ikkje er ein type silisiumbasert glas, er substansen, slik som mange termoplastar, ofte teknisk sett ein type glas (ein ikkje-krystallinsk, gjennomsiktig fast stoff), og har historisk sett ofte vorte kalla  akrylglas. Kjemisk, så er det ein syntetisk polymer av metylmetakrylat. Materialen vart utvikla i 1928 i fleire ulike laboratorium av fleire kjemikarar som William Chalmers, Otto Röhm og Walter Bauer og vart først ført til marknaden i 1933 av Rohm and Haas Company under varemerket Plexiglas.[1] Det har sidan vorte selt under mange ulike namn, mellom dei Acrylite, Lucite og Perspex.

PMMA er eit rimeleg alternativ til polykarbonat når ekstrem styrke ikkje er påkravd. I tillegg inneheld ikkje PMMA det potensielle skadelege stoffet bisfenol-A som finne sin i polykarbonat. PMMA er ofte bedre på grunn av dei moderate eigenskapane, i tillegg til at det er enkelt å handsama og prosessera. Ikkje-modifisert PMMA oppfører seg sprøtt og kan knusast under belastning, spesielt ved kollisjonskraft, og er meir sensitivt for ripar enn konvensjonelt uorganisk glas. Modifisert PMMA kan oppnå høg ripe- og kollisjonsmotstand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rohm and Haas Innovation – Plexiglas Triumphs.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]

  • ([ Offisiell nettstad] ) Kategori:Polymethylmethacrylate – bilete, video eller lydar på