Al Jazirah Al Hamra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°42′32″N 55°47′50″E
Al Jazeerah Al Hamra
by
Al Jazirah Al Hamra Mosque, Ras Al Khaimah, United Arab Emirates.JPG
Den gamle moskeen i den fråflytta delen av Al Jazirah Al Hamra
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Ras al-Khaimah
Høgd moh.
Koordinatar 25°42′32″N 55°47′50″E
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Jazirah Al Hamra

Al Jazirah Al Hamra er ein by sør for byen Ras al-Khaimah i Dei sameinte arabiske emirata. Han er mest kjend for dei mange fråflytta husa og andre bygg, som ein moské. Byen var opphavleg heimstaden til tre stammer og vart styrt av Al-Zaab-stamma, som flytta til Abu Dhabi etter ein strid med herskaren i Ras Al Khaimah.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen var opphavleg bygd på ei tidvassøy, og i 1830 budde 200 folk her. Dei levde hovudsakleg av perlefiske. På denne tida var han underlagt Sharjah.[1]

Al Hamra-området[endre | endre wikiteksten]

Al Hamra-området i Ras Al Khaimah har vokse til eit finare bustadområde med fleire bustadprosjekt som Al Hamra-landsbyen. Området har òg fleire finare feriestader ved stranda som Waldorf Astoria, Hilton Al Hamra Beach & Golf Resort, Al Hamra Palace Beach Resort, Al Hamra Village Golf & Beach Resort. Det største kjøpesenteret i området er Al Hamra Mall, med fleire multinasjonale merke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. EK: Archive Editions. s. 542. ISBN 978-1-85207-275-9.