Albina Kelmendi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Albina & Familja Kelmendi)
Albina Kelmendi

Fødd27. januar 1998 (26 år)
FødestadPeć
OpphavKosovo
Aktiv2013–
Sjangerpop
Instrumentvokal, klarinett, piano
Verka somsongar

Albina Kelmendi[a] fødd 27. januar 1998)[1] er ein kosovoalbansk songar og låtskrivar. Ho blei kjend for eit albansk publikum i 2014, då ho blei nummer to i den fjerde sesongen av The Voice of Albania.[2] Ho representerte Albania i Eurovision Song Contest 2023 saman med fem av familiemedlemmane sine.[3]

Bakgrunn og karriere[endre | endre wikiteksten]

Albina Kelmendi blei født i Peja i Kosovo, som då var ein del av FR Jugoslavia. Ho lærte å spele klarinett og piano ved ein musikkskule i heimbyen, og ho opptredde etter kvart saman med familien under namnet «Family Band».[1][4]

I 2014 fekk Kelmendi stor merksemd då ho deltok i den fjerde sesongen av albanske The Voice. Der enda ho til slutt på andreplass bak Aslaidon Zaimaj.[4] I 2015 deltok ho i songfestivalen Top Fest med songen «Nuk ka ma mire».[5]

I juni 2022 slapp Kelmendi debutalbumet Nana loke.[6] I desember same år deltok ho og fem familiemedlemmar i den 61. utgåva av Festivali i Këngës under namnet «Albina & Familja Kelmendi». Festivalen blir arrangert av den albanske ålmennkringkastaren RTSH og har sidan 2004 blitt brukt til å velje den albanske representanten til Eurovision Song Contest.[7]

Albina & Familja Kelmendi deltok med songen «Duje», og fagjuryen plasserte bidraget på andreplass i tevlinga, men RTSH heldt ei eige telefonavrøysing for å avgjere kven som skulle få representere landet i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. «Duje» vann telefonavrøystinga, og Albina & Familja Kelmendi fekk dimed representere Albania i Liverpool.[8] Der enda dei på 22. plass i finalen.[3]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Uttalt [alˈbina kɛlˈmendi]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Albina Kelmendi në Radio KFOR zbuloi se në fund të muajit shkurt lanson projektin e ri muzikor». Radio KFOR Shqip (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  2. «Albina Kelmendi :: Biografia». www.teksteshqip.com. Henta 29. desember 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Albina & Familja Kelmendi». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Ja pse u përlot Albina Kelmendi në intervist». InfoKosova (på albansk). 16. desember 2022. Arkivert frå originalen 23. desember 2022. Henta 29. desember 2022. 
  5. «Intervistë me këngëtaren Albina Kelmendi: Nuk ka zhanër të mirë apo të keq, gjithçka varet nga interpretimi dhe ndjenja që e përçon përmes këngës». Kosova Sot (på engelsk). 11. mai 2020. Henta 29. desember 2022. 
  6. «Në bashkëpunim me nënën, Albina Kelmendi publikon albumin “Nana loke”». Dielli.info (på albansk). Henta 29. desember 2022. 
  7. Granger, Anthony (27. oktober 2022). «Albania: Festivali i Këngës 61 Participants Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  8. Farren, Neil (22. desember 2022). «Albania: Albina & Familja Kelmendi to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2022.