Aldislampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aldislampe brukt under andre verdskrigen

Aldislampe eller dagmorselampe er ein lyskastar til å sende morsesignal med[1]. Aldislampa er eit visuelt sambandsmiddel som kan sende lyspulsar over lange avstandar, og vart mykje brukt før skipsradio i VHF-bandet kom til. I større versjonar av aldislampa vert desse pulsane laga ved at ein opnar og lèt att mekanisk eller pneumatisk ei slags persienne framføre lyskjelda i lampa.

Marinegasten til høgre signaliserer med lampa ein bodskap over til eit anna skip, medan han til venstre skal tolke svaret på signala.

Lampa har namn etter Arthur Cyril Webb Aldis, som konstruerte ho.

Aldislampa i bruk i marinen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lord, Walter. The Night Lives On.