Alej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alej
elv
Алей в Алейском районе.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 21 100 km²
Lengd 858 km
Middelvassføring 33,8 /s
Munning Ob
Wikimedia Commons: Aleï

Alej (russisk Алей) er ei elv i Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Ho har ei lengd på 858 km og eit nedslagsfelt på om lag 21 100 km².

Ho sprint ut frå dei nordvestlege områda av Altajfjella i Aust-Kasakhstan oblast i Kasakhstan, nær grensa til Russland. Elva svingar seg over steppene i Altaj kraj, og munnar ut i Ob ved Ust-Aleika sør for Barnaul. Før munningen er elva rundt 70 m brei og 1,5 m djup. Middelvassføringen ved Khabasino, 46 km før munningen er 33,8 m³/s (minimum i februar: 3,5 m³/s, maksimum i mai: 144 m³/s). Alej frys til i november og vert isfri att i april.

Ved Alej ligg byane Rubtsovsk og Alejsk. Elva vert nytta til vatning av dei nærliggande jordbruksområda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]