Aleksej Gusarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Gusarov
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 8. juli 1964 (59 år)
St. Petersburg
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988

Utmerkingar

Stanley Cup, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aleksej Vasiljevitsj Gusarov (fødd 8. juli 1964) er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar, fødd i Leningrad. Han er ein av eit mindretal utøvarar som har vorte både olympisk meister, verdsmeister og vinnar av Stanley Cup.

Forsvarsspelar Gusarov spelte frå 1981 till1984 på SKA Leningrad. I 1984 gjekk han over til CSKA Moskva, den dominerande klubben i sovjetisk ishockey. Vinteren 1991 flytta han til Canada der han gjorde teneste for Quebec Nordiques i National Hockey League til 1995, då klubben skifta namn til Colorado Avalanche og vart heimehøyrande i Denver i USA. Gusarov bidrog mykje til at Colorado vann Stanley Cup våren 1996. Han la opp i 2001, etter nokre månaders spel for New York Rangers og St. Louis Blues.

Gusarov hadde fast plass på Sovjetunionen sitt landslag frå 1985 til 1991. Gjennom perioden var han med å vinne gull i VM 1986, OL 1988, VM 1989 og VM 1990. Han fekk dessutan med seg eitt VM-sølv og to VM-bronser. I 1998 deltok Gusarov for Russland under dei olympiske vinterleikane i Nagano der han og lagkameratane enda opp med sølvmedalje, etter eittmålstap mot Tsjekkia i finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]