Hopp til innhald

Aleksej Nemov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej Nemov


Statsborgarskap Russland
Fødd 28. mai 1976 (48 år)
Barashevo
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 2004, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's vault
Utmerkingar Æresordenen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Tapperhetsordenen

Aleksej Jurjevitsj Nemov (fødd 28. mai 1976) er ein russisk tidlegare turnar frå Barasjevo i Mordovia. Han vart olympisk meister i 2000. Over ein tiårsperiode vann han 4 OL-gull, 5 VM-gull og 5 EM-gull.

Nemov var med på det russiske turnlandslaget frå 1995 til 2004. Under OL 1996 i Atlanta vart han andremann i mangekampen og tok gullmedaljen i hopp og fekk gull i lagtevlinga, dessutan fekk han bronse i bøyelhest, frittståande og svingstang. Fire år seinare i Sydney vart han olympisk meister i mangekamp og i svingstang, tok attåt sølv i frittståande, bronse i bøyelhest, skranke og i lagtevlinga.

Nemov vann VM-gull i hopp i 1995 og 1996, i frittståande i 1997 og 1999, og på bøyelhest i 1999. Dei fem EM-gulla fordelte seg på to i frittståande, like mange i lagkamp og eitt i skranke.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]