Alevtina Oljunina
| Alevtina Oljunina | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen |
| Fødd | 15. august 1942 Sudislavsky District |
| Død | 18. november 2025 (83 år) Kostroma |
| Idrett | langrenn |
| Tok del i | Vinter-OL 1972, Ski-VM 1970 |
| Utmerkingar | Ærestegnets orden, Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Alevtina Sergejevna Oljunina, fødd Smirnova, (15. august 1942–18. november 2025) var ein russisk langrennar frå Ptsjolkino i Kostroma oblast. Ho vart verdsmeister på 10 km i 1970 og vann stafett-gull med Sovjetunionen i same ski-VM og ved Vinter-OL 1972 to år etter.
Alevtina Smirnova vart nummer elleve på 10 km under Vinter-OL 1968 i Grenoble. To år seinare vann ho, som Alevtina Oljunina, gullmedaljen på same distansen då Ski-VM 1970 fann stad i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia. Med den prestasjonen fekk ho gå siste etappen for Sovjetunionen sitt vinnarlag i 3 x 5 km stafett, dei andre gullvinnarane var Nina Fjodorova og Galina Kulakova. To år seinare vart Oljunina olympisk meister i 3 x 5 km stafett i lag med nemnde Kulakova og Ljubov Mukhatsjova. Elles i Sapporo-OL 1972 tok ho sølvmedaljen på 10 km og ho vart nummer fire på 5 km, eitt tidels sekund bak bronsevinnaren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1942
- Døde i 2025
- Sovjetiske langrennsløparar
- Russiske langrennsløparar
- Verdsmeistrar i langrenn
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968
- Langrennsløparar under vinter-OL 1968
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972
- Langrennsløparar under vinter-OL 1972