Alexander Blonz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Blonz

Alexandre Christoffersen Blonz (fødd 17. april 2000) er ein norsk handballspelar fødd i Clamart i Frankrike. Han er sidan 2019 kantspelar i Elverum IL. Blonz var med å vinne sølvmedalje for Noreg under VM 2019 og bronse i EM 2020.

Blonz slo gjennom Viking-spelar i 2018. I 2019 skreiv han kontrakt med Elverum, det dominerande laget i norsk seriehandball i perioden. Han vart Norsk meister med laget i 2019 og 2020, seriemeister 2020 og 2021.

Blonz landslagdebuterte på nyåret 2019 då Noreg vann over Island. Han deltok både i Handball-VM 2019, Handball-EM 2020 og Handball-VM 2021. I 2019 var han med å vinne sølvmedalje i verdsmeisterskapen, året vart det bronsemedalje i EM etter 28-20 over Slovenia. Pr april 2021 har Blonz delteke i 40 landskampar og skåra 77 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]