Alexandra Meissnitzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexandra Meissnitzer
Alexandra Meissnitzer Filmball Vienna 2015.jpg
Fødd 18. juni 1973
Abtenau
Yrke alpinist
Alexandra Meissnitzer på Commons

Alexandra Meissnitzer (fødd 18. juni 1973) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Abtenau i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner 1999 og same sesongen vart verdsmeister i både storslalåm og super-G under VM i alpine greiner 1999 i Vail i USA.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Meissnitzer debuterte i verdscupen i alpine greiner den. 7. desember 1991. Nøyaktig på dagen fire år seinare vann ho super-G-rennet i Val-d’Isère og tok sin fyrste siger i verdscupen.

Sesongen 1997/98 oppnådde Meissnitzer seks pallplasseringar, og i det siste rennet for sesongen fekk ho sin fyrste verdscupsiger i storslalåm. Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok ho sølv i storslalåm og bronse i super-G, i utfor kom ho på åttandeplass.

Framom 1999-sesongen bytta ho til skimerket Völkl. Under VM i alpine greiner 1999 i Vail og Beaver Creek vann ho gullmedaljane i både super-G og storslalåm. Ho kom på fjerdeplass i utfor, seks hundredels sekund bak bronsevinnaren. Gjennom vinteren vann ho heile åtte verdscuprenn og stakk dermed avgarde med den store FIS-pokalen. Ho gjekk også til topps i kampen om super-G- og storslalåm-pokalane.

Meissnitzer var noko skadeplaga dei neste sesongane. Under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz vann ho sølvmedaljen i utforrennet, slått med elleve hundredels sekund av kanadiske Mélanie Turgeon. I januar 2004 vann Meissnitzer eit verdscuprenn for fyrste gong på nær fem år, då ho sigra i super-G i Megève i Frankrike.

32 år gammal vann Meissnitzer si tredje olympiske medalje under vinterleikane 2006, ein bronsemedalje i yndlingsgreina super-G. Den 13. mars 2008 vart ho nummer tre i super-G under verdscupavslutninga i italienske Bormio, dermed var ho den eldste kvinnelege skialpinisten som hadde stått på sigerspallen etter eit verdscuprenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar