Alexis de Chateauneuf
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alexis de Chateauneuf | |
![]() | |
Fødd | 18. februar 1799 Hamburg |
Død |
31. desember 1853 (54 år) |
Yrke | arkitekt |
Alexis de Chateauneuf på Commons |
Alexis de Chateauneuf (fødd 18. februar 1799 i Hamburg, død 31. desember 1853 i Hamburg)[1] var ein tysk arkitekt og byplanleggjar. Han var ein av dei leiande arkitektane i si tid, utdanna i Hamburg, Paris og Karlsruhe samt eit kortare opphald hos Karl Friedrich Schinkel i Berlin. Chateauneuf spelte ei særleg viktig rolle under gjenoppbygginga av Hamburg etter bybrannen i 1842. Han arbeidde òg i London og Christiania i Noreg.

Akvarell av Chateauneuf (1848) viser dei endringene han foreslo for Vår Frelsers kirke (Oslo domkyrkje) og som stort sett vart gjennomførte.
I Noreg[endre | endre wikiteksten]
Chateauneuf sto for ei omfattanda restaurering av Oslo domkyrkje i åra 1848–1850. Han vann òg konkurransen om Trefoldighetskyrkja i Oslo oppført i 1853–58 med Wilhelm von Hanno som utførande arkitekt.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Arno Berg og Bernhard Hagtvedt: Vår Frelsers kirke, forlaget Land og kirke, Oslo 1950, side 90 ff