Romssa Arena
| Romssa Arena | |||
| | |||
| Adresse | Idrettsbygget, Stadionveien 3 9007 Tromsø | ||
|---|---|---|---|
| Eigar | Tromsø IL | ||
| Arkitekt | Bjørn Bygg AS | ||
| Påbegynt | 1985 | ||
| Opna | 1987 | ||
| Drift | Tromsø IL | ||
| Underlag | Kunstgras | ||
| Brukarar | Tromsø IL, TIL 2020, IF Fløya (fotball) | ||
| Kapasitet | 6 859[1] | ||
![]() Romssa Arena 69°38′56″N 18°56′06″E / 69.648872°N 18.935042°E | |||
Romssa Arena[2], tidlegare kjend som Alfheim stadion, er eit fotballstadion i Tromsø og heimebana til fotballaget Tromsø IL. Arenaen ligg på sjølve Tromsøya.

Fotballbana måler 110 x 70 meter, og var rekna som den største grasbana i Noreg. Det var òg innsydd kunstgras i sjølve grasmatta for å forsterke underlaget. I midten av 2006 blei det lagt kunstgras på heile Alfheim stadion.
På austsida av arenaen er det oppført eit nytt forretningsbygg som blant anna inneheld klubbhus, møterom og kurs- og konferanselokale. Publikumsrekorden er 10 225 frå ein kamp mot Rosenborg i 1990. Det er vurdert å bygge ut kortsidene på Romssa, ettersom dei for augneblinken ligg under standarden i tilhøve til resten av anlegget.
Arenaen hadde til 29. mars 2023 namnet Alfheim Stadion før namnet blei endra til Romssa Arena. Romssa er nordsamisk for Tromsø.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Fakta Alfheim stadion». til.no. Tromsø IL. 16. april 2012. Henta 14. mai 2012.
- ↑ «Nå skal Tromsø IL spille på Romssa Arena». TIL.no. 29. mars 2023.
- ↑ Aarsæther, Aslaug; Skoglund, Kari Anne; Skeie, Torgeir (29. mars 2023). «Alfheim stadion får samisk navn». NRK Troms. Henta 29. mars 2023.
