Alfred Moisiu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Moisiu
AlfredMoisiu.png
President i Albania
Regjeringstid2002-2007
PartiAlbanias demokratiske parti
Fødd1. desember 1929
FødestadShkodër
FøregangarRexhep Mejdani
EtterfølgjarBamir Topi

Alfred Spiro Moisiu (fødd 1. desember 1929) er ein albansk politikar som var president i Albania frå 2002 til 2007.

Alfred Moisiu vart fødd i Shkodër. Han vart president i Albania den 24. juli 2002 og hadde stillinga til 24. juli 2007. Moisiu vart vald som president av nasjonalforsamlinga, med 97 røyster for, 19 mot og 14 avhaldande. Han vart rekna som ein kompromisskandidat, og vart støtta av både høgre- og venstresida til det stort sett seremonielle vervet som president.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Albania å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.