Alfred Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfred Schmidt
Alfred Schmidt.jpeg
Fødd 1. mai 1898
Riisipere
Død

5. november 1972
Tallinn

Alfred Schmidt (1. mai 18985. november 1972 i Tallinn) var ein estisk vektløftar som deltok under OL i 1920 i Antwerpen.

Schmidt vann ein olympisk sølvmedalje i vektløfting under OL i 1920 i Antwerpen. Han kom på andre plass i den lettaste klassen, fjærvekt opp til 60 kg. Det var fyrste gongen i OL at løftarane vart delte inn i ulike vektklassar. Det var totalt fem vektklassar under OL i 1920. Han løfta samanlagt 210,0 kilo, ti mindre enn gullvinnaren François de Haes frå Belgia. Vektløftkonkurransen inneheldt tre løft, rykk og støty med éi hand og støyt med begge hendene. Det var 14 utøvarar frå 11 land i fjærvektklassen.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]