Alghero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamna i Alghero

Alghero (katalansk:l'Alguer og sardisk:S'Alighèra) er ein by i provinsen Sassari nordvest på Sardinia i Italia. Kommunen, som ligg ved Middelhavet, har i kring 41 000 ibuarar og dekker eit areal på 224,4 km².

Språk og soge[endre | endre wikiteksten]

Italiensk er offisielt språk.

Inntrengarar frå Katalonia busette seg på staden etter å ha fordrive den opphavlege befolkninga i 1372. Katalansk var offisielt språk fram til 1600-talet. I dag talar eit mindretal av innbyggarane i Alghero ein katalansk dialekt. Dei siste lingvistiske undersøkingane viste at 22,4 % av folket har alguerisk katalansk som førstespråk, og at 90% av innbyggarane i byen forstår språket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]